Oslomarka

Oslomarka, òg kalla berre Marka, er eit namn som vart teke i bruk i 1930-åra for alle dei meir eller mindre samanhengande skogstraktene på høgdedraga ikring dei tettbygde områda i Osloregionen, ikkje berre skogs- og utmarksområda innanfor grensene av Oslo eller i beinveges kontakt med busetnaden i Oslo, som mange tenkjer på i samband med dette namnet.

Oslomarka femnar om fleire høgtliggjande og kuperte skogs- og utmarksareal i nitten kommunar i fem av austlandsfylka.

Oslomarka
Svarttjernshøgda i Nordmarka.
Oslomarka
Områda som vert rekna med til Oslomarka.

I dag er Oslomarka på om lag 1700 rutekilometer til saman, med grenser og bruk definert i ei eiga markalov som vart vedteken av Stortinget 2. april 2009: Lov 6. juni 2009 nr. 35 Om naturområder i Oslo og nærliggende kommuner. Denne lova skal verne om Oslomarka som eit område som gjer det mogleg for folk å drive med friluftsliv, rekreasjon og den typen idrett som går føre seg i naturen. Lova etablerer mellom anna ei «markagrense» som vil hindre at marka vert teken til byggjeområde stykke for stykke, som den sterke etterspurnaden etter byggjegrunn i Osloregionen elles kunne ha resultert i. Til saman vil ei folkemengd på ein million menneske kunne ha nytte og glede av Oslomarka som fritids- og idrettsområde.

Oslomarka Friluftsråd, som vart skipa i 1936, tok til med arbeidet for å verne desse skogstraktene ikring Oslo, og la fram ein plan i 1941 om dette, som ikkje kom til vidare førehaving på grunn av krigen. Seinare vart arbeidet teke opp att, og på 1960-talet reiste advokat Erik Sture Larsen til alle kommunane i dei fem fylka som hadde ein part av «Oslomarka» innanfor områda sine for å leggje fram for dei framlegg til markagrenser og planar for vern av marka. Dei markagrensene han fekk teikna inn på karta under dette arbeidet, vart stort sett fylgde i dei kommunale planane, og Larsen vert difor rekna som «far til markagrensene». I 1965 gav den nye Plan- og bygningslova styremaktene lovgrunnlag for å regulere områda, men dette synte seg ikkje å vere effektivt nok for å verne marka mot moglege inngrep. Eit utkast til ei eiga markalov, ein «fleirbruksplan for Oslomarka», vart difor laga av Miljøverndepartementet i 1965. Regjeringa Brundtland fremma i 1981 eit lovframlegg for Stortinget som regjeringa Willoch trekte attende seinare, men i staden oppmoda i 1986 alle dei aktuelle kommunane om å teikne inn markagrenser i arealdelen i kommuneplanane. Den nogjeldande markalova av 6. juni 2009 vart fremma av regjeringa Stoltenberg, og altso vedteke av Stortinget 2. april 2009.

Oslomarka, som ligg i ei høgd av grovt rekna frå eit par hundre meter over havet og opp til fem–seks hundre meter, er soleis vorte eit særskild administrativt område samansett av mange skogs- og utmarksområde som eigenleg har sine eigne namn. I mange høve var det dei organisasjonane og einskildpersonane som nytta marka til frilufts-, idretts- og rekreasjonsføremål som skapte, og meir eller mindre uklårt definerte namna på dei einskilde «markene», sjølv om lokale namn kunne danne utgangspunktet: Kjekstadmarka, Vestmarka, Krokskogen, Bærumsmarka, Nordmarka, Lillomarka, Romeriksåsene (aust for Nittedal-dalføret), Gjelleråsmarka, Østmarka og Sørmarka. I desse stroka finst det no om lag 2000 km med oppmerkte stigar, og om vinteren vert om lag 2600 km med skiløyper preparerte. Eit nett av køyrbare skogsvegar, dei fleste stengde for ålmenn bilkøyring, gjer det lett å take markaturen på sykkel, og omsynslaus sykling i stor fart er i ferd med å verte eit problem. Elles kan Oslomarka by på fiskevatn og badevatn, men særleg i Nordmarka og Østmarka er det restriksjonar for fleire vassdrag og vatn av di dei er drikkevasskjelder. I mange av «markene» finst det overnattings- og serveringstilbod.

Det høgste punktet i Oslomarka er toppen av Svarttjernshøgda, 717 meter over havet, som ligg i den parten av Nordmarka som høyrer Jevnaker kommune til.

Ordsoge

Namnet Marka er bunden form av ei mark, frå gamalnorsk mǫrk ‘skog, ubygt land, grenseland’.

Sjå òg

Tags:

Oslo

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Lundefugl27-årsklubbenPronomenØHellasLydfartEsperantoSérresHermeneutikkJohannes BarstadHjørundfjordenHeilagdagkaktusRubjerg Knude FyrAndre verdskrigenListe over primtalRasmus SundeOboSaltMalignitetJa, vi elsker dette landetFascismeDet norske alfabetetPeruStareHollandÞingvellirPiscoAlf-Inge HålandAdolf HitlerKirkenærSekulærOttomanIndre AgderSindikíSpaniaDzjankojKrysotilChristianiaPatentNato-alfabetetJonas Gahr StørePeriferieininga SérresGud signe maten på vårt bordDen amerikanske grunnlovenInnlandSanskritFaenKirsti BergstøStålkamerateneCristiano RonaldoPippi LangstrømpeStord kommunePyrenéhalvøyaRudolf BlodstrupmoenØyvind AlsakerBloggInformasjonskapselOdinNikita KhrusjtsjovSkognJordbruksrevolusjonenAnna MolbergBorkPelle PolitibilAmfípoliVerdipapirGoogleBroadwayNorske militære gradarSunnmøreMeter per sekundGuden RaSola kommuneTwitterGaldhøpiggenMexico🡆 More