Oslo Museum er eit kulturhistorisk museum i Oslo som vart skipa 1.
januar 2006 ved at dei eksisterande musea Oslo Bymuseum, Teatermuseet og Internasjonalt Kultursenter og Museum vart slegne saman under ein administrasjon. I 2013 kom Arbeidermuseet til som ei avdeling av Oslo Museum.
Oslo Museum | |||
| |||
Stad | Oslo | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1. januar 2006 (1905) | ||
Museumstype | Kulturhistoriske museum | ||
Direktør | Lars Emil Hansen | ||
Nettstad | http://www.oslomuseum.no | ||
Oslo Museum 59°55′27″N 10°42′12″E / 59.92402806°N 10.70329111°E |
Oslo museum held til på tre plassar, Bymuseet og Teatermuseet ligg samla på Frogner hovedgård i Frognerparken, Interkulturelt Museum har lokale i Tøyenbekken 5 på Grønland, i nærleiken av Grønland T-banestasjon, og Arbeidermuseet har tilhald i Apotekergården i Sagveien på Sagene. Administrasjonen held til på Frogner hovedgård. I tida frå januar til desember 2006 hadde museet mellombels namnet Hovedstadsmuseet.
Oslo Museum samlar på alle typar av kulturhistorisk materiale som er eigna til å kaste ljos over tilhøva i byen i fortida og notida, så som fotografi, kunstobjekt, gjenstandar, tekstil, møbler, bøker og arkivalia. Materialet vert teke vare på i magasin på museet i Frognerparken og andre stader i byen. Både kunst- og fotosamlingane er mellom dei største i Noreg. Digitale fotografi av mange av gjenstandane er å finne på internett, og det same gjeld digitaliserte fotografi frå Oslo i gamal og ny tid.
Oslo Museum er ei stifting som får økonomisk stønad frå Oslo kommune og Kulturdepartementet, og mottek prosjektmidlar frå mellom andre Norsk kulturråd, Institusjonen Fritt Ord og Bergesenstiftelsen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Oslo Museum, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.