Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Orrestranda

Nynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia

Orrestranda er ei av jærstrendene, og strekker seg frå Vik i sør til Reve i nord. Ho ligg på Orre i KleppJæren, og er i følgje turistvegseksjonen i Statens vegvesen den lengste sandstranda i Noreg.[1]

Orrestranda våren 2006.
Foto: Gunleiv Hadland

Strandsona er bygd opp av sjølve sandstanden ved sjøen, sanddynene som hovudsakleg har vegetasjon av marehalm, og bakdynelandskapet med eit meir variert planteliv.

Strandområdet på Orrestranda er brote av Skårtangen og Åtangen med stor stein ut i havet. Friluftshuset nær Orrestranda er eit populært utgangspunkt for ein strandtur sommar som vinter.

Kjelder

  1. «Nasjonale turistveger». Statens vegvesen. Henta 15.03.2018. 

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Orrestranda, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.