Fearless
One of These Days Singel av Pink Floyd frå albumet Meddle | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. november 1971 | |
Innspelt | Januar-august 1971 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 5:57 | |
Selskap | ||
Komponist | David Gilmour, Roger Waters, Richard Wright, Nick Mason | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Pink Floyd | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«The Nile Song» (1969) | One of These Days | «Free Four» (1972)
|
«One of These Days» er ein instrumental av det engelske bandet Pink Floyd på albumet Meddle frå 1971. Den einaste vokallinja i songen er linja «One of these days, I'm going to cut you into little pieces» sagt av trommeslagar Nick Mason. Vokalen er derimot sakka ned for å skape ein skummel effekt.
Songen opnar med ein lyd av vind som er skapt av tonegeneratorarar som spelte kvit støy gjennom ekkoeffektar. Sjølve musikken startar med doble bass-spor med David Gilmour og Roger Waters på kvar sin bass. Ein av bassgitarane høyrest mykje meir sordin og dump ut, og i følgje Gilmour kjem dette av at det eine instrumentet hadde gamle strengar og at ein studioarbeidar vart send ut for å kjøpe nye strenger. Han forsvann derimot med kjærasten i staden for, og dei måtte spele inn med dei gamle strengane. Bassgitarane er spelt gjennom ein ekkoeffekt som lagar den distinkte basslyden i starten av songen, medan Richard Wright lagar korte og enkle «støyt» på synthesizer og Nick Mason lagar lydar på cymbalane. Vokallinja til Nick Mason markerer midten på songen, og andre halvdel er ein slags boogierock med slidegitarsolo av Gilmour.
Gilmour har uttalt at han ser på denne songen som den mest samarbeidsprega songen som Pink Floyd nokon gong laga. Då songen vart spelt på Old Grey Whistle Test på BBC, hadde produsentane av programmet klipp av ei animert kvinne som dansa over forskjellige bakgrunnar.
Trugselen i vokallinja er retta mot (Sir) Jimmy Young som var programleiar på BBC Radio 2, som bandet mislikte fordi han hadde ein tendens til å snakke mykje tomprat. På konsertar tidleg på 1970-talet brukte bandet å spele av lydkilpp av Young sine radioprogram klippa i saman slik at det høyrdest heilt meiningslaust ut.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article One of These Days, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.