Omdreiingar per minutt
Nynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia
Omdreiingar per minutt (o/min) eller omdreiingar i minuttet er ei eining for rotasjonshastigheit (rotasjonsfrekvens), i staden for «omdreiingar per sekund». Omdreiingar per minutt er ikkje ei SI-eining, men vert mykje nytta for å visa rotasjonshastigheita til mekaniske komponentar.[1] Turtalet til motorar, propellar etc. vert som oftast oppgjeve i o/min.
Standardiseringsorganisasjonar anbefalar å nytta symbolet r/min, som følgjer generelle prinsipp for eininggsymbol på ein betre måte. Dette følgjer den engelske nemninga revolutions per minute (RPM eller rpm).
I SI-systemet kan ein oppgje rotasjonshastigheit som ein frekvens eller som ein vinkelhastigheit.
SI-eininga for frekvens er hertz (Hz):
- 1 o/min = 1 r/min = 1/60 Hz
Vinkelhastigheit (ω) blir oppgjeve i radianar (rad) per sekund (s), gjerne skrive s-1.
- 1 o/min = s-1
Kjelder
This article uses material from the Wikipedia article Omdreiingar per minutt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.