Olje (latin oleum, oliven) er ei samnemning på ulike væsker som normalt ikkje er løyseleg i vatn.
Oljer er komplekse, organiske sambindingar av ulike slag. Dei har karakter av å vere viskøse, feite eller smørjande, og kan ordnast i tre hovudgrupper:
Olje har vore kjend frå oldtida som smøremiddel og som brenselkjelde til lys. Olje er til dømes nemnd i Andre mosebok kapittel 35 «Gåver til heilagdomen», «olje til ljosestaken». Olivenolje var den tidlegaste vegetabilske olja nytta i vidt omfang kring Middelhavet.
Utanom petroleum og olivenolje har kvalolje hatt ei stor kommersiell verdi, kvalolje har vore nytta ut i ca. 800 år. Seint på 1700-talet tok ein i bruk kvalolje til lys i Noreg.
Seinare har kvalolje vorte nytta til margarin, såpe og måling. Også sildolje og linolje er brukt i målingsindustri.
Både animalske og vegetabilske oljer er nytta i matlaging.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Olje, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.