«Old MacDonald Had a Farm» er ein amerikansk barnesong om ein bonde og dei forskjellige dyra han har på garden.
Det vert sungen om eit nytt dyr og lydane det lagar i kvart nye vers. I mange versjonar vert songen lengre for kvart vers der ein i kvart nye vers syng alle dyrelydane frå dei tidlegare versa i tillegg til den nye lyden. Bonden heiter gjerne MacDonald, Macdonald eller McDonald, men blir også omtalt under andre namn. Songen er nummer 745 i Roud Folk Song Index.
«Old MacDonald Had a Farm» Roud #745 | |
Låtskrivar | Tradisjonell |
---|---|
Publisert | 1917 |
Språk | Engelsk |
Form | Barnerim |
I boka Tommy's Tunes frå 1917, ei samling av songar frå første verdskrigstida av F.T. Nettleingham, er songen «Ohio» ganske lik, men med eit litt anna namn på bonden og eit litt anna refreng:
Denne versjonen omtalar sju dyr: nokre hundar, nokre høner nokre ender, nokre kyr, nokre grisar, nokre kattar og nokre esel.
I Traditional Ballad Index vert Tommy's Tunes-versjonen rekna for å vere den tidlegaste kjende versjonen av «Old Macdonald Had a Farm», men indeksne omtalar også fleire variantar som i somme høve er langt eldre.
To av desse variantane vart publiserte i Vance Randolph sin Ozark Folksongs i 1980. Ein var «Old Missouri», sungen av ein H.F. Walker frå Missouri i 1922. Denne versjonen nemner forskjellige kroppsdeler på eit muldyr i staden for forskjellige dyr:
Ein britisk versjon av songen, kalla «The Farmyard, or The Merry Green Fields», vart nedskriven i 1908 etter 74 år gamle fru Goodey i Marylebone Workhouse i London, og publisert i Collection of English Folk Songs av Cecil Sharp.
Den kanskje tidlegaste registrerte versjonen av denne songfamilien er eit nummer frå ein opera kalla The Kingdom of the Birds, publisert i 1719-1720 i Thomas D'Urfey sin Wit and Mirth, or Pills to Purge Melancholy:
Ola Olsen Singel av Christiania Fusel & Blaagress frå albumet Som varmt hvetebrød i tørt gress | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | våren 1972 | |
Innspelt | Rosenborg Studios, våren 1972 | |
Sjanger | Bluegrass, humor | |
Lengd | 3:12 | |
Komponist | trad | |
Tekstforfattar | trad | |
Låtskrivar(ar) | Trad. arr. Christiania Fusel & Blaagress | |
Produsent | Øystein Sunde, Mikkel Aas | |
Christiania Fusel & Blaagress-kronologi | ||
«Det kjem nok betre tider» (1968) | Ola Olsen |
|
Christiania Fusel & Blaagress (heretter forkorta CF&B) gav ut ein norsk coverversjon med tittelen «Ola Olsen» våren 1972 som A-side singel med Christiania Fusel & Blaagress. 20. november same året vart han gjeven ut på albumet Som varmt hvetebrød i tørt gress.
CF&B følgde mønsteret frå originalteksten, men det var ikkje berre dyr som vart nemnt, men òg bil, sykkel og fele. Når teksten nemner «fele», vert det spelt litt frå Georges Bizet-komposisjonen «Carmen» («Preludium»-delen av stykket). For kvart vers gjorde dei ein modulering; altså dei skiftet tonearten eit hakk høgare opp. Spike Jones er oppført som inspirasjon på plateomslaget. På innspelinga deltok følgjande musikarar:
Teksten er omsett til mange språk og lett endra for å passe rytmen og kulturen. Det er framleis ein barnesong og melodien er den same.
Den eldste versjonen som er oppført i Traditional Ballad Index er Sam Patterson Trio sin versjon av «Old MacDonald Had a Farm», gjeven ut på Edison i 1925. Denne vart etterfølgd av ein versjon av Gid Tanner & His Skillet Lickers, «Old McDonald Had a Farm» (Columbia Records, 1927) og «McDonald's Farm» av Warren Caplinger's Cumberland Mountain Entertainers (Brunswick Records, 1928). I 1954 vart songen aarrangert for ein trekkspelsekstett og spelt inn for RCA Thesaurus av John Serry sr. i USA.
Andre populære versjonar er spelt inn av Frank Sinatra (Capitol, 1960), Harry Connick jr., Elvis Presley (i filmen Double Trouble), Nat King Cole, Alvin and the Chipmunks, Ella Fitzgerald (i 1967 på albumet Whisper Not), Flatt & Scruggs, Spike Jones and his City Slickers, The Three Stooges, Sesame Street, Gene Autry, The Kelly Family og Nikki Yanofsky. Ein rockeversjon vart spelt inn av The Isley Brothers i 1950-åra og i 1961 vart ein instrumental versjon spelt inn av The Piltdown Men som «McDonald's Cave.»
Populære Kidsongs spelte inn «A Day At Old MacDonald's Farm» for video og CD i 1985. Det australske barne-TV-programmet Play School spelte inn ein versjon av denne songen på albumet There's A Bear In There.
Songen vart sungen i fleire episodar av Barney & Friends. I tillegg vart melodoien nytta i fleire andre songar, som «Our Friend Barney Has a Face» og «Our Friend Barney Had A Band».
Ein variant av songen vart nytta under presidentkampanjen i USA i 1952 for Adlai Stevenson II.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Old MacDonald Had a Farm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.