Olaus Johannes Amundsen Fjørtoft (fødd 19.
januar 1847 på Flemsøya i Haram, død 21. mai 1878 i Kristiania) var ein norsk journalist og opposisjonshugen politisk agitator. Fjørtoft vert rekna som ein av dei fyrste sosialistane i Noreg.
Olaus Fjørtoft | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. januar 1847 Haram kommune |
Død | 21. mai 1878 (31 år) |
Yrke | redaktør, politikar |
Olaus Fjørtoft på Commons |
Fjørtoft var latinelev ved Molde Lærd- og Realskole 1861–66 (i same klasse som Kristofer Kristofersen), og studerte på Heltbergs studentfabrikk i Christiania i 1869. Seinare studerte han matematikk og astronomi. I studietida kom han i kontakt med Aasmund Olavsson Vinje, Johan Ernst Sars, Hagbard Emanuel Berner, Carl Berner og Bjørnstjerne Bjørnson. Fjørtoft gav i åra 1871–73 ut bladet Fram – eit vikoblad for målmenne og bondevenne.
Fjørtoft ynskte å gjera skriftspråket mest mogleg talemålsnært skriftspråk. Språksynet gjorde han til den mest markante talsmannen for ortofoni i nynorskrettskrivinga. Fjørtoft var lite oppteken av å markere historiske former i skriftmålet, og han meinte dessutan at bymåla måtte trekkjast inn i nynorsken.
Arne Garborg har skildra Fjørtoft i romanen Bondestudentar, som «student Fram». Han opptrer òg som Student Fredriksen i Gunnar Heibergs skodespel "Tante Ulrikke" (1883) og som figuren Olav Toft i romanen Paa Forpost av Kristofer Kristofersen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Olaus Fjørtoft, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.