Norsk institutt for skog og landskap (Skog og landskap) er eit norsk forskingsinstitutt.
Instituttet har ansvar for å skaffa kunnskap om areal, og forskar og formidlar om jord, skog, utmark og landskap.
Skog og landskap er eigd av Landbruks- og matdepartementet. Hovudkontoret deira ligg på Ås, og dei har regionskontor i Steinkjer, Tromsø og på Fana i Bergen. Det vart etablert i 2006 etter samanslåinga av Skogforsk og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging. Instituttet har om lag 220 tilsette.
Norsk genressurssenter ligg under Skog og Landskap, og skal vera med å halda norske dyre- og plantesortar i hevd.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Norsk institutt for skog og landskap, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.