Nordre Follo Kommune: Kommune i Akershus fylke i Noreg

Nordre Follo er ein kommune i Akershus fylke.

Kommunen grensar til Oslo i nord, Bunnefjorden og Ås i vest, Indre Østfold i søraust og Enebakk i aust. Han er ein av dei folkerikaste i Noreg med innbyggjarar.

Nordre Follo kommune
kommune
Nordre Follo Kommune: Kommune i Akershus fylke i Noreg
Kommunevåpen
Land Nordre Follo Kommune: Kommune i Akershus fylke i Noreg Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Ski
Areal 203,00 km²
 - land 196,45 km²
 - vatn 6,55 km²
Folketal 63 560  (1. januar 2024)
Målform Bokmål
Ordførar Cecilie Pind (H)
Kommunenr. 3207

Nordre Follo kommune
59°45′00″N 10°52′00″E / 59.75°N 10.866666666667°E / 59.75; 10.866666666667
Nordre Follo Kommune: Kommune i Akershus fylke i Noreg
Wiki Commons: Nordre Follo
Nettstad: https://www.nordrefollo.kommune.no

Kommunen vart danna den 1. januar 2020 gjennom samanslåing av Ski og Oppegård kommunar i tidlegare Akershus fylke. I samband med samanslåinga vart ein del av Ås kommune (Tandbergløkka) flytta til Nordre Follo.

Kommunevåpenet er eit sølvfarga havreaks på blå bakgrunn. Havreakset står for den rike jordbrukstradisjonen i området. Blåfargen står for himmel og vatn, som fjorden, sjøar og vassvegar.

Geografi

Terrenget i Nordre Follo er småkupert og stort sett skogkledd med lausmassar i forsenkingane. Berggrunnen består av gneis som er del av det søraustnorske grunnfjellsområdet. Skimorenen er eit aust-vestgåande ra som dannar vasskiljet mellom vassdraga nordover til Gjersjøen/Bunnefjorden og Mossevassdraget (nedbørfeltet til Kråkstadelva).

Norddelen av kommunen, Oppegård, blir nesten delt i to av den nord–sørgåande Gjersjøen. I nordaust finst åsar på opptil 216 meter over havet og i vest når Svartskogplatået opp til 163 meter over havet. Sør og vest i kommunen er landskapet flatare og lågare, men den høgaste toppen i kommunen, Tømmerås på 313,1 moh., ligg likevel i sør.

Sør- og vestdelen av kommunen er dekka av store marine lausavsetningar, og dannar store jordbruksområde. Korndyrking er den viktigaste driftsforma.

Folkesetnad

Nordre Follo er ein del av Stor-Oslo i Osloregionen. Folkesetnaden er konsentrert rundt bybandet langs jernbanen sørover frå Oslo. Østfoldbanen går aust for Gjersjøen gjennom Kolbotn, Langhus og så til administrasjonssenteret Ski.

Kjelder

Tags:

Akershus fylkeBunnefjordenEnebakk kommuneIndre Østfold kommuneOslo kommuneÅs kommune

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SibirCarl LarssonOperasjon BarbarossaKolmulePožega-SlavoniaVåren av Aasmund Olavsson VinjeFrode GryttenOppland fylkeDet tyske herrelandslaget i fotballKalkulusMonogamiSvartedaudenMeisefamilienFilmmanusMaud av NoregEtanVinkelIltalehtiOslo rådhusGhanaSymbol i hinduismenBay City RollersSkognOSI-modellenBrideshead RevisitedISO 8601Staffan stalledrängVik kommuneKredittKlima i AsiaVerdsvevenRosenborg BallklubNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Ukrainsk matRagnar LodbrokVladimir Putin27-årsklubbenGisøyaProfessor emeritusHeinoKunsteventyrPico da NeblinaUngarnÅBrigitte BardotRegnskogen i AmazonasVulkanar i ItaliaNibiruValgerd Svarstad HauglandSamisk kulturHarald EiaTrekanthandelSionistGud signe maten på vårt bordKatarina II av RusslandPlaneten JupiterPyrenéhalvøyaMarian DrăgulescuArnaPeter Wessel TordenskjoldÅrStolen generasjonAndNasjonalrettTyngdeakselerasjonKarbalaOlivia RodrigoMatNikita KhrusjtsjovArabiskFirehundreårsnattaSpanskOddvar TorsheimThor HeyerdahlEgyptVerdsdelJonsok🡆 More