Nordkaper (Eubalaena glacialis) er ein bardekval i rettkvalfamilien.
Nordkaper | |
Nordkaper | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Kritisk truga Status i Noreg: Regionalt utdøydd Utbreiinga av nordkaper | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Infraorden: | Chaeomysticeti |
Overfamilie: | Balaenoidea |
Familie: | Rettkvalfamilien Balaenidae |
Slekt: | Eubalaena |
Art: | Nordkaper E. glacialis |
Vitskapleg namn | |
Eubalaena glacialis Müller, 1776 |
Han levde opphavleg på begge sider av Nordatlanteren. På europeisk side levde han i havområda frå Vest-Sahara i sør til Nordkapp i nord, noko som gav han namnet «nordkaper».
Baskiske kvalfangarar dreiv fangst på arten i Biscayabukta allereie frå 1000-talet, og dreiv fangst så langt nord som Island seinast i 1412. Allereie frå 1600-talet av var bestanden i nedgang. Den siste nordkaperen vart fanga i norske farvatn i 1926, og dei siste to nordkaperane på europeisk side vart fanga nær Madeira i 1967. Bestanden på austsida av Atlanteren er no truleg utdøydd, men det vert stundom sett streifdyr, i norske farvatn seinast i 1999. Det vart påvist at dette individet kom frå den nordamerikanske bestanden. På amerikansk side lever nordkaperen frå Florida i sør til Nova Scotia i nord, med streifdyr som når Grønland og Island. Talet på kalvande hoer vart i 1998 fastsett til 70 individ. Den totale bestanden er anslått til 300-350 dyr.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nordkaper, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.