Nord-Marianane, engelsk Northern Mariana Islands, er eit samvelde (commonwealth) i politisk union med USA, vest i Stillehavet.
Øygruppa Marianane, som òg omfattar øya Guam i sør, var spansk område frå 1667 til 1899. Dei vart oppkalla etter den spanske dronninga, Maria Anna av Austerrike. I 1899 selde Spania Nord-Marianane til Tyskland. Guam vart avstått til USA etter den spansk-amerikanske krigen same året. Etter den første verdskrigen vart øyane gitt av Folkeforbundet til Japan som mandatområde. Etter den andre verdskrigen tok USA over øyane. På enkelte øyar hadde det vore harde kampar mellom amerikanarar og japanarar under krigen. I 1978 fekk Nord-Marianane sin noverande status som samvelde i politisk union med USA. Ibuarane er amerikanske borgarar, men har ikkje stemmerett ved amerikanske presidentval.
Flagg | Våpen |
Status | Samvelde i politisk union med USA |
---|---|
Guvernør | Benigno R. Fitial |
Hovudstad | Saipan |
Offisielt språk | Engelsk, chamorro, karolinsk |
Areal - % vatn | 477 km² ubetydelig |
Folketal - totalt | ca. 80 800 (2005) |
Verdsdel | Oseania |
Internet-domene | .mp |
Tidssone | UTC +10 |
Internasjonal telefonkode | +1 670 |
Nasjonalsong | Gi Talo Gi Halom Tase(Chamorro) Satil Matawal Pacifico(Karolinsk) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nord-Marianane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.