Nittedal er ein kommune i Akershus fylke.
Kommunen grensar i nord til Lunner og til Nannestad, i aust til Gjerdrum, i søraust til Lillestrøm og i sør og vest til Oslo.
Nittedal kommune | |||
kommune | |||
Nittedal sentrum | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Adm.senter | Rotnes | ||
Areal | 186,23 km² | ||
- land | 180,29 km² | ||
- vatn | 5,94 km² | ||
Folketal | 25 882 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Rune Winum (H) | ||
Kommunenr. | 3232 | ||
Nittedal kommune 60°04′23″N 10°52′20″E / 60.073055555556°N 10.872222222222°E | |||
| |||
Wiki Commons: Nittedal | |||
Nettstad: www.nittedal.kommune.no | |||
Nittedal kommune har ikkje éin stor tettstad som mange andre kommunar, men mange mindre. Hagan er den største av desse tettstadene og ligg i sør like ved bygrensa til Oslo. Rotnes ligg i midtre del av kommunen. I nordlege delar av kommunen, som òg blir kalla Hakadal, er Åneby den største av fleire små tettstader.
Namnet «Nittedal» kjem av norrønt Nitjudalr. Etterleddet dalr tyder 'dal', medan forleddet Nitju er genitiv singularis av Nitja, som er det gamle namnet på Nittelva. Det er uvisst kva Nitja tyder. Moderne skriftbasert uttale er [²nitedɑːɽ] eller [²nitedɑːɳ], men tradisjonell uttale er [²nedɑɳ].
Nittedal høyrer til Oslofeltet. Spesielt kjent er Nittedalskalderaen, som er restane etter vulkansk aktivitet i permtida.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nittedal kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.