Nationalmuseum er eit svensk statleg sentralmuseum i Stockholm, og det største kunstmuseet i Sverige. Det har samlingar av måleri, skulptur og kunst på papir frå kring 1500-talet til 1900-talet, og dessutan kunsthandverk- og designgjenstandar frå 1500-talet til notida. Totalt omfattar samlinga rundt 700 000 gjenstandar. Museet ligg på Blasieholmen i Stockholm, i ein bygning som vart teikna for føremålet av den tyske arkitekten Friedrich August Stüler. Bygningen stod ferdig i 1866, men historia til museet går heilt attende til 28. juni 1792 då Konglig Museum vart oppretta. Museet er dermed eit av dei eldste kunstmusea i Europa.[1]

Plakat for Nationalmuseum

Kjelder

  1. Bjurström & Erik 1992, s. omslag, baksida.
  • Wiki på svensk oppgav desse kjeldene:
  • Bjurström, Per; Erik, Cornelius (1992), Nationalmuseum: 1792-1992 (på svensk), Stockholm: Nationalmuseum, ISBN 91-7024-669-6 

This article uses material from the Wikipedia article Nationalmuseum i Stockholm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.