64°22′N 12°55′E / 64.367°N 12.917°E / 64.367; 12.917
Namdalen (sørsamisk: Nååmesjenvuemie) er ein dal og eit distrikt som består av kommunane Namsos, Grong, Overhalla, Røyrvik, Fosnes, Nærøy, Høylandet, Namdalseid, Flatanger, Leka, Namsskogan og Vikna i Trøndelag, i tillegg til Bindal, som ligg i Nordland. Midt i dalen renn elva Namsen, ei av dei beste lakseelvane i Europa (berre Tanaelva i Finnmark har større fangst). Jordbruk og skogbruk har vore viktige næringar i Namdalen. Norsk gran er ein av dei viktigaste tresortane. Kornåkrane i den lågare delen av dalen er av dei nordlegaste i Noreg.
Tidleg i vikingtida, før Harald Hårfagre, var Namdalen eit småkongedøme, gjerne kalla Naumdølafylke. Etter Rikssamlinga var Namdalen framleis å rekne som fylke i mange hundreår.
Den gammalnorske forma av namnet var Naumudalr. Det første leddet er den genitive forma av elvenamnet Nauma (i dag Namsen), og det siste dalr er «dal». Kva elvenamnet tyder er ukjend.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Namdalen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.