Musikkalbum er ei grammofon- eller CD-plate med ei samling av fleire musikkinnspelingar, særleg av populærmusikk.
Sjølve plateinnpakkinga kan likne på tradisjonelle fotoalbum. No dekkjer uttrykket nesten all slags innspeling av musikk; samlealbum, studioalbum, EP (Extended Play) og konsertalbum. Singlar og demoar vert sjeldan kalla album.
Det har blitt diskutert mykje om kva som må til for at ei innspeling skal kallast eit album. Nokre har sagt at eit album med åtte, eller fleire, musikkspor kvalifiserer til å kallast album, medan andre meiner at eit album kan innehalde færre spor.[treng kjelde] Reglementet for dei britiske hitlistene seier derimot at eit album må innehalde minst fire spor, eller vare i meir enn 20 minuttar til saman. Ofte er det opp til kvar enkel musikkgruppe å bestemme kva definisjon eit album skal ha.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Musikkalbum, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.