Morgon er den første delen av dagen og tek til ved soloppgang, eller frå rundt klokka 4-6, og går over til føremiddag eller middagstider.
Morgonen står gjerne for noko positivt, ved at han gjev ei ny byrjing etter den mørke natta. Det finst fleire gudar for morgonen, som Eos og Usjas. Symbol for morgonen er hanen.
Samstundes er tida forbunden med slutten på svevnen og byrjinga på slitet med å arbeida eller leva. Særleg måndagsmorgonen blir rakka ned på, til dømes i songar som «Monday morning blues».
I nyare tid er morgonen blitt ei stund der kommunikasjon og straumnett blir særleg belasta, ettersom mange flytter på seg og mykje verksemd tek til akkurat då. Mange transportårer, både kollektivtransport og vegnett, opplever morgonrush.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Morgon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.