Monofoni tyder innan musikken einstemmigheit.
Før kring 800-talet var monofon musikk det normale. Eit kjent døme på monofoni er gregoriansk song.
Monofone musikkinstrument kan berre spele ein tone av gangen og kan derfor ikkje spele akkordar. Døme på monofone instrument er dei fleste messing- og treblåseinstrument, som trompet og klarinett.
Dette må ikkje forvekslast med monofoniske lydinnspelingar (mono) der musikk vert gjeven att i éin lydkanal i motsetnad til stereo og surround der to eller fleire lydkanalar vert nytta; mono-innspelingar er fullt i stand til å gje att polyfonisk musikk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Monofoni, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.