Molekylmasse (forkorta M) til eit stoff, ofte omtalt som den eldre nemninga molekylvekt og forkortinga MW, er massen til eitt molekyl i stoffet, relativt til atommasseeininga u (lik 1/12 av massen til ein isotop av karbon-12).
Dette skil seg frå relativ molekylmasse som er forholdet mellom massen til molekylet og 1/12 av massen til karbon-12, og er eit dimensjonslaust tal. Relativ molekylmasse har forkortinga Mr.
Molekylmasse skil seg frå meir vanlege målingar av masse, som molmasse, ved at ein tar omsyn til isotop-samansetninga til eitt molekyl i staden for den gjennomsnittlege isotopfordelinga til mange molekyl. Som følgje av dette er molekylmasse eit meir presist tal enn molmasse, men det er likevel meir nøyaktig å nytte molmasse på større prøvar. Dette tyder at det oftast er mest nyttig å nytte molmasse, bortsett frå når ein ser på eitt enkelt molekyl.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Molekylmasse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.