Mogadishu

Mogadishu (somali Muqdisho) er hovudstaden i Somalia.

Mogadishu ligg like nord for ekvator, og er ein viktig hamneby ved Indiahavet. Byen har rundt 1,5 millionar innbyggjarar, og er den største i landet

Mogadishu
Mogadishu
Land Mogadishu Somalia
Region Benadir
Areal 91 km²
Folketal 1,353 millionar  (2009)
Borgarmeister Mohamed Nur

Mogadishu
2°02′21″N 45°20′31″E / 2.0391666666667°N 45.341944444444°E / 2.0391666666667; 45.341944444444
Wiki Commons: Mogadishu
Mogadishu
Hamna i Mogadishu.

Mogadishu har ei internasjonal lufthamn. Tidlegare var byen særleg kjend for tilverking av bomullstøy til sal i innlandet. I dag har byen ein del næringsmiddelindustri.

Historie

arabiske handelsmenn kom til Afrikas horn på 900-talet grunnla dei Mogadishu, som blei eit knutepunkt for økonomi og utreiing av islam. Mogadishu voks til den nordlegaste av dei austafrikanske bystatane, og var ein viktig hamneby gjennom fleire hundreår.

Som Mogadiscio var byen kolonihovudstad i Italiensk Somaliland frå 1880-åra, og han blei hovudstad i det nye Somalia i 1960. Universitetet i Mogadishu blei oppretta i 1954. I 1977 fann det stad ei flykapring i Mogadishu der vesttyske terroristar kapra eit fly med 86 gislar som blei frigjorde av vesttyske elitesoldatar.

I 1990-åra blei byen hardt råka av borgarkrigen i Somalia, til dømes blei alle offentlege bygningar plyndra. Mogadishu blei i praksis delt mellom fleire «klanar» og fekk store forsyningsproblem, både av mat, vatn og elektrisitet. Samstundes førte tilstrøyming frå landsbygda til ein kraftig folkevekst.

I regi av SN gjekk ein internasjonal styrke inn i Somalia i 1992, mellom anna for å verna hjelpesendingane dit. Styrkane trekte seg ut i 1995 etter fleire drap. I 2006 tok Den islamistiske rettsunionen makta i byen. Dei blei drivne ut etter nokre månader, og den føderale overgangsregjeringa tok over med støtte frå Den afrikanske unionen og styrkar frå Etiopia. I løpet av dei neste åra tok den islamistiske grupperinga al-Shabaab kontroll over sørlege delar av landet og truga Mogadishu, men blei drivne ut av byen i 2011. Etter dette blei byen preg av gjenoppbygging, og mange somaliarar som hadde budd fleire år i utlandet flytta tilbake til Mogadishu.

Folk frå Mogadishu

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Mogadishu  Denne geografiartikkelen som har med Somalia og Afrika å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Mogadishu HistorieMogadishu Folk frå Mogadishu BakgrunnsstoffMogadishu KjelderMogadishuEkvatorHovudstadIndiahavetSomaliSomalia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

OrIngvild KjerkolGezer regionale kommuneNikolaj DahlHanumanAsker kommuneProduksjonBente KahanKravområde i AntarktisSpeidarrørslaThorleif HaugLohengrin sjokoladeEli Kari GjengedalTeknologiWattensNoregÍpirosDesta Marie BeederDei fem K-ane i sikhismenAfghanistanFrøylandsvatnetPeriferieininga LárisaCand.scient.H.C. AndersenIvar AasenGreipAbugidaSiderKaare SkevikTidvatnInformasjonskapselLeksandNynorsk WikipediaWikimediaCharlène av MonacoSlaget om StalingradSeljeAnne-Kat. HærlandSjakkNorsk folkedansSkiflygingA Collection of Great Dance SongsJantelovenJesusElektrostatisk generatorLuftfartøyDompapThorolf HolmboeNamnedagar i NoregHannoverMaldivaneMidsommarInternasjonal telefonkodeTrykkSpekkhoggarGaltvortMoldedialektCasanova av SupergruppaQ.E.D.RumpetrollCommunist Party of Great BritainEmma EllingsenAbrogeraToy Story 2Den fjerde DoktorenErnst VettoriAmalie SkramJamie MuirSionistDisney Channel SkandinaviaKapellBrennverdiAdei AdRye i East SussexPetter SalstenOksygenHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und Gott🡆 More