Minuskel, også kalla gemen, er innanfor typografi det som til dagleg vert kalla liten bokstav, altså a, b, … i motsetning til A, B, … som vert kalla majuskel eller versal.
Omgrepet minuskel er nyttig i språket fordi ein unngår fleirtyding. Medan uttrykket «liten bokstav» også kan bety «bokstav sett i liten type», som refererer til den fysiske storleiken på ein bokstav, kan minuskel og majuskel tolkast på berre éin måte.
Ordet minuskel kjem frå latin minuscula (littera), liten (bokstav). Ordet gemen kjem frå lågtysk gemen(e) og tysk gemein, allmenn, og refererer til at minusklane er dei bokstavane det er flest av i sett tekst.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Minuskel, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.