Mieszko I Av Polen

Mieszko I (fødd 922-945, død 25.

mai 992) var den første historiske representanten av det piastiske dynastiet. Som hertug av Polen frå om lag 960 og fram til han døydde, var han polanarane sin første historiske herskar, og vert samstundes rekna som som den faktiske grunnleggaren av Polen.

Mieszko I
Mieszko I Av Polen
Hertug av Polen
Regjeringstid960-992
Føddom lag 922-945
Død25. mai 992
DødsstadPoznań
GravstadPoznań
FøregangarSiemomysł
EtterfølgjarBolesław I
Gift medOda of Haldensleben, Doubravka Přemyslovna
EktefellarDobrawa
Oda
KongehusPiast
DynastiPiast-dynastiet
FarSiemomysł
MorUkjend
BornMed Dobrawa:

Med Oda:

  • Mieszko
  • Świętopełk
  • Lambert

I 965 ekta han dotter til den tsjekkiske hertug Boleslav I, katolske Dubrava (polsk Dobrawa), og let seg kristne året etter, samstundes som han gjorde kristendomen til den offisielle religionen i riket. Slik vart Polen del av den vestlege kristne kulturkretsen. Teoretisk sett hadde ikkje noko kristent land rett til å gå til åtak på det nye riket sidan hertugen av polanarane frå no av vart medlem av det allmennkristne fellesskapet.

Likevel gjekk den tyske markgreven Hodo – om enn på eiga hand – til åtak på Polen i 972, men vart knust same år i det kjente slaget ved Cedynia. Med det same styrkte Mieszko stillinga si i Vest-Pommern, og området fram til elva Oder vart no ein del av riket hans.

Mieszko I Av Polen
Polen i 960-992

Mieszko vidareførte politikken til far sin (Siemomysł) og bestefaren (Listek). Som herskarar av eit heidensk hertugdøme på territoria til dagens Stor-Polen, hadde begge to gjennom alliansar og militær styrke underordna seg Kujavia og truleg òg Aust-Pommern og Masovia.

Då Dobrawa døydde i 977 lausna den polsk-tsjekkiske alliansen, og om lag 990 erobra Mieszko Schlesien og truleg òg Vesle-Polen frå Tsjekkia. Mieszko gifta seg på ny i 980 med tyske Oda von Haldensleben.

Bevarte kjelder skildrar Mieszko I som ein dyktig politikar, talentfull leiar og karismatisk herskar. Han gjekk inn i alliansar mellom anna med Tsjekkia, Sverige og Det tysk-romerske riket. I utanrikspolitikken let han seg først og fremst leie av riket sine interesser, og kunne inngå overeinskomst til og med med sine tidlegare fiendar.

Mieszko I etterlet eit rike med tydeleg forsterka posisjon i Europa, og med eit territorium som (i det minste) var dobla. Før han døydde delte han riket mellom dei tre sønene sine.

Under kristninga av Polen i 966 omfatta riket til Miezko Stor-Polen, Kujavia, Masovia, Aust-Pommern og delar av Vest-Pommern. Mot slutten av regjeringstida hans vart òg Schlesien og Vesle-Polen innlemma i riket. Det utgjorde eit område på om lag 250 000 km², med cirka 1 million innbyggjarar. Hovudstade var Gniezno, og andre hovudbyar var Poznań, Ostrów Lednicki og Giecz.

Kjelder

  • Włodzimierz K. Krzyżanowski, «Arystokracja rodowa w Polsce», Warszawa, 2007

Tags:

25. mai922945960992

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ÄlvdalenArne BrimiSamvirkelagDale-GudbrandSverigeNordkappbankenLukkeLen i SverigeKleopatraGoogle ChromeBrårudPrimstavTelemark fylkeSkulpturen LaksenAkslaSnømyrkreKlubbeÉdith PiafÅl kommuneSofie MarhaugVulkanar i ItaliaStord kommuneGullarsHotel CaliforniaNetflixTutankhamonMonogamiHilde Lyrån2015Erling Braut HaalandBuddhismenOslolosenOrvar-OddMorten SandøyBitcoinEdward SnowdenNasjonaldrikkJa, vi elsker dette landetAli Baba og dei førti røvaraneSofia av SverigeOffentleg eigedomRotfruktHalldis Moren VesaasKrysantemumCristiano RonaldoFrank ZappaKjerringVM i skiskyting 2021Regionar i ItaliaAsbjørnsen og MoeBeltegrader i judoTrepunktsopphengWikiUllevaal StadionWikipediaEli Kari GjengedalInger Helene NybråtenHarry PotterShagnasty IslandSomaliregionenSoknerådKattSovjetunionens kommunistiske partiKristian ØdegårdØystein SundeErik ByeInformasjonskapselBeaufortskalaenCascadaDeltaHenning MankellNederlandVietnamGurdvaraJonsokErna Solberg🡆 More