Michael Melchior (fødd 31.
januar 1954) er ein dansk-jødisk rabbinar og israelsk politikar og representant for det venstreorienterte religiøse partiet Meimad i Knesset (det israelske parlamentet).
Michael Melchior | |||
| |||
Fødd | 31. januar 1954 (70 år) København | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg, Israel | ||
Yrke | politikar, rabbinar | ||
Far | Bent Melchior | ||
Barn | Jair Melchior | ||
Alle verv |
Michael Melchior vart fødd inn i ein rabbinarfamilie i København og fekk sin semikhá (ordinasjon) som rabbinar frå Yeshivat Hakotel i Jerusalem. Han tente i mange år som rabbinar ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, der han i fleire år var overrabbinar.
Sidan 1985 har Michael Melchior og familien hans hovudsakleg budd i Israel. I 1999 vart han vald inn i Knesset som representant for Meimad og han vart attvald i 2003. Frå 1999 til 2001 var han minister for det israelske samfunnet og for det jødiske verdssamfunnet. I perioden frå 1999 til 2002 var han i tillegg viseutanriksminister.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Michael Melchior, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.