Michael Haneke
Michael Haneke er ein austerriksk filmskapar fødd i München.
Michael Haneke (fødd 23. mars 1942) er ein austerriksk filmskapar fødd i München. Filmane hans fokuserer på det moderne industrialiserte samfunnets tomhet og framandgjering. Dei er gjennomgåande preget av ein dyster stemning, og fleire av dei er sett på som kontroversielle. Blant dei mest kjende filmane hans er Benny's Video, Funny Games, Caché og La pianiste.
Michael Haneke | |
![]() | |
Fødd | 23. mars 1942 (80 år) München |
Yrke | filmregissør, manusforfattar, skribent, universitetslærar, filmmeldar, teaterregissør, filmskodespelar |
Michael Haneke på Commons |
Biografi
Haneke voks opp i den tyske byen Wiener Neustadt. Foreldra hans var regissøren Fritz Haneke og skodespelaren Beatrix von Degenschild. På Universität Wien studerte han filosofi, psykologi og drama. Etter utdanninga arbeidde han som filmkritikar frå 1967 til 1970, før han fekk jobben som klippar og dramaturg i den tyske fjernsynsstasjonen Südwestfunk. Han debuterte som TV-regissør i 1973.
Langfilmdebuten hans kom med Der Siebente Kontinent i 1989. Gjennombrotet kom da han i 1992 regisserte den andre spelefilmen sin, den kontroversielle Benny's Video. Ein ny suksess fekk han med Funny Games (1997), men han nådde sitt hittil største høgdepunkt med Gullpalme-vinnaren Pianolærerinnen frå 2001. For spenningsfilmen Caché (2005) vann han Gullpalmen for beste regi. Nå arbeider Haneke med ei amerikansk nyinnspeling av sin eigen Funny Games, som var venta å få kinopremière i løpet av 2007.
Kjenneteikn
Til tross for at Haneke ofte regisserer spenningsfilmar, er det sjeldan han nyttar seg av fysisk vald, blod og våpen. Dei dempa filmane hans fokuserer i staden på å framstille ein uhyggeleg atmosfære og spenning på det indre planet.
Eit anna punkt kor Haneke bryt dei uskrivne reglane åt spenningsfilmar er når det kjem til klipping. Dei fleste filmane innanfor sjangeren bruker rask klipping, men Haneke nyttar sjeldan det verkemiddelet. I staden er klipperytmen i filmane hans dvelande, og fleire takingar kan vare i over 10 minuttar.
Musikk er det lite av i Haneke sine filmar. I Caché bruker han ikkje noko musikk i det hele tatt; heller ikkje i vignetten eller rulleteksten.
Filmografi
Dette er alle filmane Haneke har regissert (han har også skrive filmmanus til de fleste av dei):
- Funny Games (2008)|Funnt Games]] (2008]] (under produksjon)
- Caché (2005) (norsk tittel: Skjult)
- Le Temps du loup (2003) (norsk tittel: Ulvetid)
- La Pianiste (2001) (norsk tittel: Pianolærerinnen)
- Code inconnu: Récit incomplet de divers voyages (2000) (norsk tittel: Ukjent kode)
- Das Schloß (1997)
- Funny Games (1997)
- Lumière et compagnie (1995) (segment "Michael Haneke/Vienne")
- 71 Fragmente einer Chronologie des Zufalls (1994) (norsk tittel: 71 fragmenter av tilfeldighetens kronologi)
- Die Rebellion (1993) (TV)
- Benny's Video (1992)
- Nachruf für einen Mörder (1991) (TV)
- Der Siebente Kontinent (1989) (norsk tittel: Det sjuende kontinent)
- Fraulein (1986) (TV)
- Wer war Edgar Allan? (1984) (TV)
- Variation (1983) (TV)
- Lemminge, Teil 1 Arkadien (1979) (TV)
- Lemminge, Teil 2 Verletzungen (1979) (TV)
- Drei Wege zum See (1976) (TV)
- Sperrmüll (1976) (TV)
- After Liverpool (1974) (TV)
Anna
- I 2002 offentliggjorde Haneke sine 10 favorittfilmar:
- Au hasard Balthazar (1966)
- Lancelot du Lac (1974)
- Zerkalo (1975) (norsk tittel: Speil)
- Salò o le 120 giornate di Sodoma (1975) (norsk tittel: Salò eller Sodomas 120 dager)
- El Ángel exterminador (1962) (norsk tittel: Morderengelen)
- The Gold Rush (1925) (norsk tittel: Gullfeber
- Psycho (1960)
- A Woman Under the Influence (1974) (norsk tittel: Kvinne under påvirkning)
- Germania anno zero (1978)
- L'eclisse (1962)
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Michael Haneke, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
In other languages:
- Aragonsk: Michael Haneke - Wiki Aragonés
- Arabisk: مايكل هاينيكي - Wiki العربية
- Egyptisk arabisk: مايكل هاينيكى - Wiki مصرى
- Asturisk: Michael Haneke - Wiki Asturianu
- Aserbajdsjansk: Mixail Haneke - Wiki Azərbaycanca
- Kviterussisk: Міхаэль Ханэке - Wiki беларуская
- Bulgarsk: Михаел Ханеке - Wiki български
- Bretonsk: Michael Haneke - Wiki Brezhoneg
- Katalansk: Michael Haneke - Wiki Català
- Tsjekkisk: Michael Haneke - Wiki čeština
- Dansk: Michael Haneke - Wiki Dansk
- Tysk: Michael Haneke - Wiki Deutsch
- Gresk: Μίχαελ Χάνεκε - Wiki Ελληνικά
- Engelsk: Michael Haneke - Wiki English
- Esperanto: Michael Haneke - Wiki Esperanto
- Spansk: Michael Haneke - Wiki Español
- Estisk: Michael Haneke - Wiki Eesti
- Baskisk: Michael Haneke - Wiki Euskara
- Persisk: میشائل هانکه - Wiki فارسی
- Finsk: Michael Haneke - Wiki Suomi
- Fransk: Michael Haneke - Wiki Français
- Galisisk: Michael Haneke - Wiki Galego
- Hebraisk: מיכאל הנקה - Wiki עברית
- Kroatisk: Michael Haneke - Wiki Hrvatski
- Ungarsk: Michael Haneke - Wiki Magyar
- Armensk: Միխայել Հանեկե - Wiki հայերեն
- Indonesisk: Michael Haneke - Wiki Bahasa Indonesia
- Italiensk: Michael Haneke - Wiki Italiano
- Japansk: ミヒャエル・ハネケ - Wiki 日本語
- Georgisk: მიხაელ ჰანეკე - Wiki ქართული
- Koreansk: 미하엘 하네케 - Wiki 한국어
- Latin: Michael Haneke - Wiki Latina
- Luxemburgsk: Michael Haneke - Wiki Lëtzebuergesch
- Litauisk: Michael Haneke - Wiki Lietuvių
- Latvisk: Mihaels Hāneke - Wiki Latviešu
- Madagassisk: Michael Haneke - Wiki Malagasy
- Makedonsk: Михаел Ханеке - Wiki македонски
- Nederlandsk: Michael Haneke - Wiki Nederlands
- Norsk bokmål: Michael Haneke - Wiki Norsk bokmål
- Pampanga: Michael Haneke - Wiki Kapampangan
- Polsk: Michael Haneke - Wiki Polski
- Portugisisk: Michael Haneke - Wiki Português
- Rumensk: Michael Haneke - Wiki Română
- Russisk: Ханеке, Михаэль - Wiki русский
- Serbokroatisk: Michael Haneke - Wiki Srpskohrvatski / српскохрватски
- Enkel engelsk: Michael Haneke - Wiki Simple English
- Slovensk: Michael Haneke - Wiki Slovenščina
- Serbisk: Михаел Ханеке - Wiki српски / srpski
- Svensk: Michael Haneke - Wiki Svenska
- Tyrkisk: Michael Haneke - Wiki Türkçe
- Ukrainsk: Міхаель Ганеке - Wiki українська
- Vietnamesisk: Michael Haneke - Wiki Tiếng Việt
- Mingrelsk: მიხაელ ჰანეკე - Wiki მარგალური
- Kinesisk: 迈克尔·哈内克 - Wiki 中文