Melon (frå gresk melopepon, 'epleliknande graskar') kan visa til den søte frukta til ein plante i graskarfamilien, eller til sjølve planten.
Melon | |
Melon | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Cucurbitales |
Familie: | Graskarfamilien Cucurbitaceae |
Stamme: | Benincaseae |
Slekt: | Cucumis |
Art: | Melon C. melo |
Vitskapleg namn | |
Cucumis melo |
Det er hovudsakleg ulike varietetar frå arten Cucumis melo som blir kalla melon eller sukkermelon, medan frukt frå Citrullus vulgaris blir kalla vassmelon. Melonar er runde, nokså store frukter med gult eller grønt skal som kan ha ulike mønster. Fruktkjøtet er mildt og saftig og kan vera gult, grønt eller raudleg.
Melon er ein gammal kulturplante som stammar frå India. I kaldare klima kan han dyrkast i veksthus.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Melon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.