Konstruktivisme i matematikk er ein filosofisk doktrine som seier at matematiske storleikar ikkje eksisterer uavhengig av konstruksjonen vår av dei.
For at denne tenkemåten skal vere gyldig, må derfor eit matematisk bevis eller ein definisjon ikkje berre vise at ein storleik eksisterer, men òg korleis storleiken kan konstruerast.
Utvalsaksiomet er til dømes ikkje konstruktivt, fordi det ikkje seier noko om korleis ei utvalt mengd kan konstruerast. Uendelegheitsaksiomet er derimot konstruktivt fordi det gjev ein algoritme som genererer uendeleg mange objekt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Matematisk konstruktivisme, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.