Martin Luther King jr.
januar">15. januar 1929–4. april 1968) var ein afroamerikansk baptistprest, borgarrettsforkjempar og vinnar av Nobels fredspris.
King var fødd i Atlanta i den amerikanske sørstaten Georgia som son av presten Martin Luther King, Sr. og Alberta Williams King. King junior utdanna seg ved Morehouse College og Crozer Theological Seminary før han tok doktorgrad ved universitetet i Boston i 1955.
Han blei kjend i 1955 som leiar for bussboikotten i Montgomery starta av Rosa Parks. I 1957 var han med på å at grunnlegga Southern Christian Leadership Conference, som skulle organisera borgarrettsrørsla. King gjekk inn for filosofien om sivil ulydnad, og leia talrike demonstrasjonstog for å setta fokus på dei manglande rettane til afroamerikanarane.
Den 14. oktober 1964 blei Martin Luther King den yngste mottakaren av Nobels fredspris til då. Den best kjende talen til King er den som blir kalla «I Have a Dream», som han heldt i Washington DC i 1963.
Martin Luther King blei skoten av James Earl Ray på eit hotell i Memphis i Tennessee, der King var med på å organisera ein demonstrasjon for borgarrettar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Martin Luther King jr., which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.