Marouane Fellaini-Bakkioui (fødd 22.
november 1987) er ein belgisk fotballspelar frå Etterbeek med foreldre innvandra frå Marokko. Han er sidan januar 2019 aktiv i den kinesiske klubben Shandong Luneng. Perioden 2008-19 spelte han i Premier League i England, fyrst for Everton og deretter Manchester United. Tida 2007-18 har Fellaini delteke i 86 landskampar for Belgia. Storvaksne Fellaini er kjend som ein hardttaklande midtbanespelar og dyktig hovudspelar.
Marouane Fellaini | |
Statsborgarskap | Belgia |
Fødd | 22. november 1987 (36 år) Etterbeek |
Idrett | fotball |
Tok del i | Sommar-OL 2008, VM i fotball 2014, EM i fotball 2016, VM i fotball 2018 |
Fellaini debuterte på Standard Liège i 2006 og var i 2008 med å vinne fyrstedivisjon i Belgia. I september same året vart han overført til Everton FC i England, der han våren 2009 var med då laget frå Liverpool tapte 1-2 mot Chelsea FC i finalen FA-cupen. Etter fem år i Everton gjekk turen i september 2013 vidare til Manchester United, mot eit vederlag 27,5 millionar engelske pund. Med Manchester United vann pokalar både i FA-cupen, ligacupen og europaligaen. Vinteren 2019 fekk han kontrakt med Shandong Luneng.
Fellaini var landslagsspelar for Belgia frå 2007 til-18. Han representerte landet både under Sommar-OL 2008 i Beijing, verdsmeisterskapane i fotball 2014 og 2018, samt i det mellomgåande EM 2016.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Marouane Fellaini, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.