Maria bodskapsdag, også kjend som Marimesse om våren, Vårfrumess', Maria Bebudelse eller på latin Annuntiatio Beatæ Mariæ Virginis, er ein kyrkjeleg merkedag til minne om at Maria fekk bod frå engelen om at ho skulle bli med barn.
Den ortodokse kyrkja feirar alltid dagen den 25. mars. Denne datoen er ni månader før 25. desember, juledagen, som tradisjonelt er blitt rekna som fødselsdagen til Jesus.
Den katolske kyrkja feirar dagen den 25. mars, med visse unntak:
På primstaven er marimesse om våren lagt til 25 mars, og markert med ei krone, ein kvinnefigur, eit hovud eller eit tre.
Kristian den femtes norske lov av 1687 slo fast at «Mariæ Bebudelsis Dag [...] skal holdis paa Palme-Løverdag, dersom den indfalder paa Palme-Søndag, eller derefter». Det betyr at dersom laurdag før palmesøndag fall på den 25. mars eller tidlegare, skulle Maria Bodskapsdag feirast denne dagen. Etter Festdagsreduksjonen av 1770 vart Maria bodskapsdag lagt permanent til 5. søndag i fasten. I 1977 vart han i Den norske kyrkja lagt til søndagen nærast 25. mars.
Dagen vart feira som nyårsdag i delar av Europa fram til 1582. I England vart offisielle dokument datert med årsskifte 25. mars heilt fram til 1752.
Maria bodskapsdag er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja.
Fiskarane som for på Lofotfisket, feira den store brennevinsdagen på Vårfrumess' den 25. mars.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Maria bodskapsdag, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.