Marc Chagall (7. juli 188728. mars 1985), opphavleg Mojsje Zaharovitsj Sjagalov, var ein belarusisk-jødisk ekspresjonistisk målar. Han er særleg kjend for sine mange bilete med motiv frå barndomslandskapet i Belarus, og frå Bibelen, gjerne i reine, skarpe fargar.

Marc Chagall
Marc Chagall 1941 cut.jpg
Verkeleg namnjiddisch מארק שאגאל, Moyshe Segal
PseudonymShagal, Moishe
Fødd7. juli 1887
Liozna, Vitsiebsk
Død

28. mars 1985 (97 år)
Saint-Paul-de-Vence

Yrkekunstmålar, kunstnar, grafikar, lyrikar, litograf, designar, grafikar, illustratør, scenograf, bilethoggar, bygningstegner, keramikar, teiknar
Språkfransk, russisk
Sjangeravantgarde, dyremåleri, landskapsmåleri, portrett, religiøs kunst, kunstmålar, scenograf, lyrikar
EktefelleBella Rosenfeld, Virginia Haggard, Valentina Brodsky
BornDavid McNeil, Ida Chagall
Marc Chagall på Commons

Liv og virke

 
Orpheus, 1914-15.

Chagall var fødd i Vitebsk i dagens Belarus som den eldste av ni sysken, far hans var fiskehandlar. Ein lukkeleg barndom i fattige kår påverka han i hans arbeid livet ut. I 1906 byrja han studere under målaren Jehuda Pen. Året etter flytta han til St. Petersburg der han studerte på det keisarlege kunstakademiet under Nicholas Roerich. Chagall budde i St. Petersburg til 1910.

Etter å ha fått eit namn som målar, flytta Chagall til Paris for å ha kontakt med kunstnarmiljøa i bydelen Montparnasse. I 1914 vende han tilbake til Vitebsk, der han gifta seg med Bella Rosenfeld som han trefte i 1909. Chagall tok på sitt vis del i den russiske revolusjonen, og det sovjetiske kulturministeriet utpeika han til kommissær for biletkunst i Vitebsk-distriktet. I den tida han var kulturkommissær grunnla han ein kunstskule. Men Chagall kom på kant med aktivistiske, politiske krinsar, og med familien flytta han til Moskva i 1920 og vidare til Paris i 1923.

I 1937 hamna konfiskerte verk av Chagall på den utstillinga Nazi-Tyskland viste i München av såkalla Entartete Kunst. Då Tyskland okkuperte Frankrike under den andre verdskrigen, flykta Chagall frå Paris. Familien gjekk i dekning i Villa Air-Bel i Marseille og fekk hjelp til å flykte gjennom Spania og Portugal av den USA-amerikanske journalisten Varian Fry.

Frå 1941 til 1946 budde Chagall i USA. Han vende deretter tilbake til Europa og slo seg etter kvart ned i landskapet Provence i Frankrike. I denne perioden oppdaga han atter den vitale energien i fargar. Arbeida hans frå denne perioden var inspirert av kjærleik og livsglede med kurva former og figurar. Han byrja også å arbeide med skulpturar, keramikk og farga glas.

Han døydde i Saint-Paul-de-Vence i Provence.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  Commons har multimedium som gjeld: Marc Chagall

This article uses material from the Wikipedia article Marc Chagall, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.