Mango (Mangifera indica) er eit tre i familien Anacardiaceae som vert opptil 30 meter høgt.
Mango | |
Mango | |
Status | |
Status i verda: Datamangel | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Sapindales |
Familie: | Anacardiaceae |
Slekt: | Mangifera |
Art: | Mango M. indica |
Vitskapleg namn | |
Mangifera indica |
Det stammar frå Sør-Asia, der det er ein av dei eldste kulturvekstane, men vert i dag dyrka i dei fleste områda med tropisk klima.
Det finst over 1000 ulike fruktsortar med varierande storleik, utsjånad og bruk. Frukta er generelt saftig, velsmakande og haldbar. Fasongen er rund, oval eller hjarteforma, og skalet kan vere gult, grønt eller raudt. Fruktkjøtet er gult og saftig, med ein godt festa, stor, flat stein. Frukta inneheld mykje vitamin A (meir enn 200 μg retinolekvivalentar per 100 g), og elles om lag 30 mg vitamin C, 156 mg kalium, 82 % vatn og 258 kJ tilført energi per 100 gram etande vare. Ein kan ete henne rå, kokt, sylta eller som chutney, og vert mellom anna brukt som grønsak og frukt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mango, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.