Maliføderasjonen

Maliføderasjonen var ein kortliva forbundsstat (1959–1960) som omfatta dei tidlegare franske koloniane Fransk Sudan (noverande Mali), Senegal, Øvre Volta (noverande Burkina Faso) og Dahomey (noverande Benin).

Modibo Keita frå Mali var president for føderasjonen, og regjeringa hadde sete i Dakar i Senegal.

Maliføderasjonen
Flagget til Maliføderasjonen med Mali-ideogrammet og dei panafrikanske fargane.

Staten blei grunnlagd i januar 1959, men allereie i mars det året trekte Dahomey og Øvre Volta seg ut. Føderasjonen fekk fullt sjølvstyre 20. juni 1960. Den 20. august same året trekte Senegal seg ut etter politisk usemje. 22. september blei Republikken Mali erklært av Keita.

Kjelder

Litteratur

  • Sékéné Mody Cissoko, Un combat pour l'unité de l'Afrique de l'ouest : la Fédération du Mali (1959-1960), Nouvelles Éditions africaines du Sénégal, Dakar, 2005 (ISBN 2-7236-1557-X)
  • Michel Fatoux, La fédération du Mali : naissance et perspectives, Faculté de Droit, 1959
  • Pierre Gam, Les causes de l'éclatement de la Fédération du Mali, 1962
  • Guédel Ndiaye, L'échec de la Fédération du Mali,Nouvelles Éditions africaines, 1980 (ISBN 2-7236-0217-6)

Tags:

BeninBurkina FasoDahomeyDakarMaliSenegalØvre Volta

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Anne-Kat. HærlandUSAMärtha av NoregMatematikarHepatitt C-virusKapellFA-cupfinalen i fotball 2001University of FloridaSennesvikChampions LeagueHelena BrodtkorbÆZirósNiaugoPárgaRumpetrollLittle WalterLagerthaEyvind JohnsonPlussFilmserien Harry PotterAddress Resolution ProtocolA Touch of ClassStøytionisasjonBerlinmurenPanterEmmelie de ForestELitauenRandy MeisnerTrekanthandelBerlinblokadenPetter EideAleksandr RagulinKilelérKvigeJa, vi elsker dette landetGardasjøenStorfuglMånenPolitiet i NoregAdolf HitlerKonsentrasjonsleirAnatolij FirsovRådyrAksel SandemoseAnne HoltSlaveHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorFresnelsoneHenrik WergelandHalloJordbruksrevolusjonenFilmen Land og fridomMediaWikiEuropaVladimir PutinToy Story 2TwitterGotlandIvar AasenLimaPetter NorthugGunnhild SundliKristoffer TømmerbakkeArvo ViitanenMichael TetzschnerMidsommarHarry PotterAtenHovudsideDompapAust-Makedonía og ThrákiNo-dramaSandnessjøenBrohlbach🡆 More