Majones er ein kald, tjukk saus som er ein emulsjon av eggeplommer og matolje.
Eggeplommene gjev sausen ein lys gul farge. Matolja som vert brukt, kan vera soyaolje eller ei anna smaksnøytral vegetabilsk olje. I tillegg til egg og olje er det eddik eller sitronsaft og salt og krydder i majones. Majones er ein svært feit saus som kan innehalda opp mot 80 prosent feitt. Matvareindustrien lagar også lettmajonesar, men også dei vil ha ein høg feittprosent.
Det finst fleire ulike teoriar om kva tid majones fyrste gong vart laga, men navmet kjem truleg frå det spanske "salsa mahonesa", som tyder saus frå Mahón (by på den spanske øygruppa Balearane). Sausen har minst vore kjend sidan på midten av 1700-talet, og er truleg langt eldre enn det òg.
Majones er grunnlaget for ei rekkje andre kalde sausar, til dømes remulade, og for mange påleggssalatar, til dømes italiensk salat.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Majones, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.