Mainz er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 200 000 innbyggjarar.
Byen ligg ved Rhinen der ho møter elva Main. Mainz har universitet, bispedømmesete og fleire fjernsyns- og kringkastingsorganisasjonar. Dei største nabobyane er Wiesbaden, Darmstadt og Frankfurt am Main.
Mainz | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis | Tyskland Rheinland-Pfalz Ingen Kreisfri by |
Geografi | |
Flatevidd - By | 97,75 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik | 198 501 2 031/km² |
Koordinatar | 50°0′0″N 8°16′16″E / 50.00000°N 8.27111°E |
Høgd over havet | 85-285 m |
Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 55001-55131 |
Telefon-retningsnummer | 06131, 06136 |
Bilnummer | MZ |
Heimeside: www.mainz.de |
Mainz utgjer eitt av dei fem store bysentera i Rheinland-Pfalz.
Folketalet passerte i byrjinga av 1900-talet 100 000 innbyggjarar og Mainz fekk dermed status som storby. Folketalet i 2002 var på 183 822 (ytterlegare 18 619 har hovudbustad andre stader, men eiger ein bustad i Mainz).
Mainz ligg 25 minutt med S-Bahn frå Frankfurt internasjonale flyplass.
Mainz er meir enn 2 000 år gamal. 13 f.Kr. vart det bygd ei romersk festning på staden.
I Mainz vart boktrykkarkunsten utvikla av pionerar som Johann Gutenberg, Johann Fust og Peter Schöffer (svigerson av Fust). Den første boka som vart trykt med mekansikedelar vart trykt her. Denne boka vert kalla «Gutenbergs bibel», og i dag finst det tre perfekt bevarte eksemplar av boka. Ein i London, ein i Parisog ein i Washington D.C.. Teknikken som boktrykkarane i Mainz nytta bygde på den kinesiske boktrykkarkunsten, og sjølv papiret som vart nytta var sannsynlegvis ei kinesisk oppfinning.
Byen er delt inn i 15 bydelar: Altstadt, Neustadt, Mombach, Gonsenheim, Hartenberg-Münchfeld, Oberstadt, Bretzenheim, Finthen, Drais, Lerchenberg, Marienborn, Hechtsheim, Ebersheim, Weisenau og Laubenheim.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mainz, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.