Mads Hansen Berg (16.
februar">16. februar 1865–3. juli 1955) var ein norsk skulemann og songpedagog, fødd i Idd.
Mads Berg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. februar 1865 |
Død | |
Yrke | komponist |
Foreldra til Mads var skulelærar og kyrkjesongar Anders Hansen Berg og kona Inger Madsdotter. Dei budde på garden Berg i Enningdalen i Idd i Østfold.
Mads Berg var overlærar i Aker frå 1925-35. Han gav ut skulebøker, mest kjend er Skulesongbok eller Skolens sangbok, som kom i mange utgåver og opplag frå 1914 og resten av hundreåret; 25. utgåve 12. opplag kom i 1995. Mads Berg har òg komponert songar, mellom anna melodiane til Margrethe Munthe sin song «Jeg snører min sekk» og «Ein småfugl sat» av Elias Blix.
Han var med i sentralstyret til Riksmålsforbundet. Frå 1919 til 1928 redigerte han Riksmålsbladet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mads Berg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.