Macao (Machiao; 澳門(馬交)), på portugisisk Macau, er ein adminstrativ region på ei lita halvøy i sørlege Kina, 65 km vest for Hongkong.
Hovudstaden er Santa Nome de Deus de Macau. På mandarin heiter Macao ogso Àomén (澳門). Macao er også kjend som Magok (媽閣廟), Haojing'ao (壕鏡澳), Xiangshan'ao (香山澳) og Liandao (蓮島 «Lotusøya»). Folkesetnaden er om lag 435 000 (2004).
Flagg | Emblem |
Status | Spesiell administrativ region i Folkerepublikken Kina |
---|---|
Chefe do Executivo | Ho Iat Seng |
Hovudstad | Macau |
Offisielt språk | Portugisisk, kinesisk (kantonesisk) |
Areal - % vatn | 28,2 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt | ca. 508 500 (2006) |
Verdsdel | Asia |
Internet-domene | .mo |
Tidssone | UTC +8 |
Internasjonal telefonkode | +853 |
Nasjonalsong | «Dei frivillige sin marsj» (義勇軍進行曲) |
Macao vart grunnlagd som ein portugisisk koloni i 1557 og vart eit viktig handelssentrum. Staden miste mykje av statusen då britane grunnlagde Hongkong like attved. Etter den portugisiske revolusjonen i 1974 oppretta Kina og Portugal diplomatisk samband og byrja forhandla om statusen åt Macao. I 1979 vart Macao eit kinesisk territorium under portugisisk forvaltning. Etter fleire tingingar i 1987 vart det slutta at Macao skulle gjevast til Kina i 1999, med di det vart eit særskilt administrativt område.
Macao ligg på den vestre sida av vika der Perlefloda (Zhujiang) munner ut i Sørkinahavet. Macao er, attåt halvøya, to øyar, Taipa og Coloane. Størstedelen av Macao er utbygd. Der finst ikkje fossar eller elvar, og difor er vatn ei mangelvara.
Turismen er den viktigaste delen i økonomien. Kasinoverksemda står for nesten helvta av innkomene. Andre næringar er tekstilindustri og fyrverkeriproduksjon.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Macao, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.