Lærdalsbrannen

Lærdalsbrannen var ein bybrann på Lærdalsøyri i Lærdal i Vestland 18.

og 19. januar 2014, då 60 bygningar vart skadd og 42 totalskadd. Mellom dei som vart totalskadd, var fire verneverdige, og eitt av dei fire var freda. Lærdalsbrannen er den største bybrannen i Noreg etter andre verdskrigen, og den største i fredstid sidan 1923. Ingen menneske omkom i Lærdalsbrannen.

Lærdalsbrannen
Synneva Eris hus (bilete frå om lag 1920). Dette var den eine av fire verna bygningar som brann ned, og den einaste av dei fire som var freda.

Utviklinga av brannen

Lærdalsbrannen 
Gamle Lærdalsøyri vart berga.

Det var særs sterk vind 18. januar 2014, då det tok til å brenne i eit bustadhus i Kyrkjeteigen langt aust i det tettbygde området, truleg på kjøkenet i huset. Brannvesenet fekk den fyrste meldinga om brannen klokka 22.53, og den fyrste brannbilen var på plassen klokka 22.59. Då brann det i ytterveggen på huset, som truleg allereie var overtent. Dei som budde i huset hadde kome seg ut, og brannvesenet fekk melding om dette. Faren for spreiing var overhengande i den sterke vinden, og allereie klokka 23.02 hadde fyrste nabohus teke fyr. Det brann òg i terrenget. Klokka 23.20 meldte politiet at tre hus stod i brann, og nokre minuttar seinare regna det gneistar og glør over heile Lærdal. Klokka 00.02 19. januar stod dei fleste bygningane i kvartalet Kyrkjeteigen/Bergo i brann. Vindretninga stod mot sørvest, og brannen nådde hovudsentralen til Telenor og anlegget til hovudstraumforsyninga til Lærdal. Kring 01.30 var desse slege ut og skapte store kommunikasjonsproblem lokalt i Lærdal, mellom bygda og omlandet, og for tunnelar og kommunikasjonar over store delar av Vestlandet. Brannstasjonen og den tekniske avdelinga til kommunen, som stod like ved, vart spart, takka stor innsats frå friviljuge, mellom anna bønder som nytta gyllevogner til å frakte fram vatn med. Frå Kyrkjeteigen/Bergo tok dei kraftige vindkasta med seg elden over til sørsida av Riksveg 5. Store delar av fjellet og fjellsida kalla Øyralii, vart sett i brann opp til 4–500 meters høgd over havet.

Skeisebana i Lærdal ligg i forlenginga av kvartalet Kyrkjeteigen/Bergo. Ei stund trudde ein at bana ville utgjere ein branngate, men elden gjorde eit sprang på over 130 meter, for så å sette fyr på ein vatningsbil. Bilen, ein gamal Bedford, sto heilt inntil skyttarhuset, som var bygd i mur, og han brann lenge. Etter ei stund stod òg skyttarhuset i brann, dertil det tilstøytande klubbhuset til skeisegruppa i Lærdal Idrettslag, som var bygd i tre. Då hadde vinden dreidd, og flammane byrja å ete seg nordvestover. Ein gamal tyskarbrakke og fleire næringsbygg tok fyr. Klokka 01.30 meldte Sogn Avis at sju til åtte hus hadde teke fyr; i røynda var langt fleire teken av elden. Framrykkinga av brannen nordvest for skeisebana var farlig, for brannen nærma seg då dei verneverdige bygningane på Gamle Lærdalsøyri, som er tett i tett med trehus. Klokka 02.50 hadde brannen fatta i Synneva Eris hus, som var ein av dei verneverdige bygningane. Fleire andre bygningar i verneområde byrja å brenne, men brannmannskapa og frivillige greidde å sløkke brannen i nokre av dei før elden fekk ordentleg tak. Brannvesenet hadde på dette tidspunktet fem til seks brannfrontar å kjempe mot, og dessutan fleire titals nedbrunne, men framleis eldfylte bygningstomter å kontrollere. I løpet av infernoet hadde eldkuler og bølgjeblekkplater flydd gjennom lufta, og mange propanbehaldarar og lastebildekk hadde eksplodert. Faren for brann i den verneverdige busetnaden var no overhengande. Men frå kring klokka 04.00 og utover roa vinden seg for ei stund, og brannmannskapet nytta høvet til å få slått ned eldstadene. Den siste bygningen som brann var uthuset bak Jansenhuset i Øyramarki 3,som båe tilhørande verneområdet Gamle Lærdalsøyri. Uthuset vart utsett for brannsmitte frå hovudhuset, og brann ned til grunnen.

Brannvesenet fekk frå fyrste stund støtte frå mange friviljuge, men forstod fort at dei trengte forsterkingar. Årdal brannvesen vart varsla allereie klokka 23.12 – innan ein time dessutan Sogndal og Aurland – seinare Vik, Flora, Førde, Bergen, Voss og fleire andre - i alt kring tolv brannstasjonar. Sivilforsvaret vart varsla klokka 23.29, og Raude Krossen klokka 23.30. Denne innsatsen – saman med rask evakuering av sentrum – avgrensa skadane og gjorde at menneskeliv ikkje gjekk tapt. Det aller meste av dei verneverdige husa, og alt av den aller eldste busetnaden, vart til slutt redda.

Brannen vart stoppa seint på natta eller tidleg om morgonen 19. januar. Klokka 06.30 melda brannvesenet at brannen var stabil. Klokka 16.45 – etter opptil 18 timars innsats – var det meldt kontroll over brannen. Men så seint som klokka 04.40 natt til 21. januar blussa elden opp i terrenget ovanfor brannstasjonen, sjølv om dette branntilløpet vart slått ned med ein gong. I dagane framover blussa elden opp att fleire gonger, spesielt på hageavfallsplassen heilt sør inntil fjellet på Lærdalsøyri.

Skadane etter brannen

Brannen skada minst 60 bygningar, der 42 vart totalskadd, fleire enn nokon anna bybrann i Noreg i fredstid sidan 1923, då Hemnesberget i Nordland brann. 71 personar vart husville og mista stort sett alt dei eigde. 446 personar var innom Lærdal sjukehus for kontroll, og 270 vart innlagd for kortare eller lengre tid; dei aller fleste med røykskader. Éin hadde fått ein glo i auge; ei anna hadde fått håret i brann, ein tredje fekk hjarteinfarkt. Men ingen vart alvorleg skadd. Mesteparten av dei verneverdige husa vart berga. Fire verneverdige bygningar, der eit kompleks med to bygningar som var freda, gjekk med i brannen. Brannen kan ha øydelagd verdiar for meir enn 200 millionar kroner. Ordføraren redda ein 93 år gamal kvinne ut av huset ved å knuse eit vindauge i bakdøra. Kvinna hadde lagt seg og fekk ikkje med seg at det brann.

Brannen eller brannane strekte seg over eit område på om lag 550 × 550 meter, pluss eit mindre område sør for Riksveg 5, i tillegg store delar av fjellsida Øyralii. Det hadde mellom anna brent i taket til Lærdal kulturhus, som ligg i motsett ende av sentrum sett frå brannområda. Tre kvartal brann ned samt enkelte bygningar spreitt omkring. Nokre hus vart lagd i oske eller totalskada; andre vart spart. Mange bygningar fekk i tillegg brann-, vann-, og røykskadar. Midt i ruinane langs Kyrkjeteigen stod eit einsleg hus utan andre skadar enn svimerke på ytterveggen.

Mediedekninga

Bybrannen fekk enorm mediedekning i inn- og utland. Frå tidspunktet brannen vart meldt og fram til 31. mai 2014 vart brannen omtalt i 6 101 oppslag i norske medium, og 528 oppslag i utanlandske medium fordelt på 23 land. Lærdalsbrannen var den 6. største nyhendesaken i Noreg i fyrste kvartal i 2014.

I ein spørjeundersøking utført av YouGov på oppdrag frå Retriever Norge svarte nordmenn at av dei ti viktigaste nyhendesakane i fyrste kvartal i 2014, var det berre uroa i Ukraina som gjorde større inntrykk enn Lærdalsbrannen. Det var heller ingen anna sak i Noreg som gjorde nordmenn meir triste i denne perioden. Heile 94 prosent av de spurte oppga at bybrannen i Lærdal gjorde dei triste.

Ein undersøking utført av Retriever Norge og publisert eit halvt år etter brannen fastslo at Lærdal kommune takla mediepresset svært godt. Kommunen handterte medie- og kommunikasjonsutfordringa på ein uvanleg god måte, og langt utover det som kan ventast av ein kommune av denne storleiken.

Mediedekninga heldt fram i siste halvdel av 2014 og i tida rundt eittårsdagen for brannen med to dokumentarprogram på Norsk rikskringkasting, ein dokumentarserie på TV 2 og eit titals artiklar og multimediale pakkar i mediehusa. Lærdalsbrannen skapte òg debatt rundt sentralisering/desentralisering av naudetatane i Noreg. Brannen har òg gjeve næring til fleire forskningsprosjekt.

Etter brannen

Politiet saman med spesialetterforskarar frå Kripos støtte på ein svært vanskeleg etterforsking av di fleire av husa i Kyrkjeteigen der brannen starta, var totalt utbrent. 29. april 2014 konkluderte politiet med at bybrannen hadde gjort så stor skade at brannårsaka aldri vil verte funnen. Politiet har lagt vekk saken.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Tags:

Lærdalsbrannen Utviklinga av brannenLærdalsbrannen Skadane etter brannenLærdalsbrannen MediedekningaLærdalsbrannen Etter brannenLærdalsbrannen FotnotarLærdalsbrannen BakgrunnsstoffLærdalsbrannen KjelderLærdalsbrannenAndre verdskrigen i NoregBybrannLærdalLærdalsøyriNoregVestland fylke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BarnefødselBrasilTettstader i TelemarkBrynjulf Jung TjønnSkattArtemisKveiteHar SedomAnarchy OnlineKateríniKirsti SparboeSamleieBuddhismenDiktBritiske monarkarJordskorpeplateUrfolk1900-taletHelena BrodtkorbNidarosdomenEuropameisterskapen på skeiser 1958Solveig GulbrandsenSauYasir ArafatAutoritetsdataDadaismeUtrikesdepartementetAskFrozenGeorgiaDet internasjonale fonetiske alfabetetSelma LagerlöfWayback MachineVårsøgAsta Busingye LydersenNeymarKnekkebrødTalordIngrid FiskaaLotka-Volterra-likningSt. Paulus-øyaSovjetunionenKvit skogfrueAdolf HitlerLygraTeknologiMusvåkAtommodellMyAnna BuringLodi i ItaliaBonitetTsjadDanny CummingsJørgen KosmoSosiale mediumFotBerlinmurenDeltaInformasjonskapselHistorisk oversyn over kommunar i HordalandMeter per sekundTower of LondonFugletrekkReligiøse nasjonalsymbolTorgeir Knag FylkesnesNaruhito av JapanØresundbruaSiciliaUrokseFreddie MercuryJørn Lier HorstCosta RicaA Whiter Shade of PaleFlodsvin🡆 More