Loppe

Lopper (Siphonaptera) er ein orden av vengelause insekt som lever som utvendige parasittar ved å suga blod av pattedyr og fuglar.

Loppe
Loppe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Overorden: Endopterygota
Orden: Loppe Siphonaptera
Latreille, 1825

Munndelane deira er utvikla for å stikka gjennom hud og skinn og suga ut blod.

Loppe
Mikroskopfotografi av ei loppe

Det finst rundt 2 500 ulike loppeartar, og dei lever i alle verdsdelar. Rundt 55 finst i Noreg.

Skildring

Lopper har ein flattrykt kropp sett frå sidene og er 1–8 mm lange. Hovud, kropp og bein har torner og hår som peiker bakover. Dei har følarar i groper på sidene av hovudet. Mange artar har punktauge medan andre er augelause. Føtene er kraftige og kan brukast til å hoppa.

Liv og utvikling

Lopper legg mellom nokre hundre og fleire tusen egg. Egga blir klekte etter 2–18 dagar. Larven har bitande munndeler og langstrekt kropp med eit par skyvevorter på undersida av siste bakkroppsledd. I løpet av 13–15 dagar går larven gjennom tre hudskifte og oppnår ei lengd på 4–5 mm. Lopper har fullstendig forvandling og må gjennom eit puppestadium før dei blir vaksne og kjønnsmodne (imago).

Paringa finn stad etter at dei har kome ut av puppeskalet, og hannen døyr kort tid etter. Hoa treng blod for å laga egg, men begge kjønna syg blod.

Levesett

Loppe 
Larve av loppe.

Loppelarvar lever i reir, bol eller bustaden til vertsdyra sine. Dei et tørre organiske rester og blodhaldige ekskrement frå vaksne lopper. Lopper spesialiserer seg på bestemte bustader, men mange kan veksla mellom vertsdyr. Rovdyr kan til dømes ha lopper som stammar frå byttet deira.

Lopper som vektorar

Lopper kan overføra ormar som bendelorm og rundorm. Svartedauden blei overført frå gnagarar til menneske av ei loppe (Xenopsylla cheopis).

Systematisk inndeling

  • Flygande insekt
    • Neoptera
      • Eumetabole insekter
        • Holometabole insekter
          • Mecopteriformia
            • Antliophora
              • Orden Lopper, (Siphonaptera)
                • Underorden Ceratophyllomorpha
                  • Overfamilien Ceratophylloidea
                    • Familien Ceratophyllidae
                    • Familien Leptopsyllidae
                    • Familien Ischnopsyllidae
                    • Familien Xiphiopsyllidae
                • Underorden Hystrichopsyllomorpha
                  • Overfamilien Hystrichopsylloidea
                    • Familien Hystrichopsyllidae
                    • Familien Chimaeropsyllidae
                  • Overfamilien Macropsylloidea
                    • Familien Macropsyllidae
                  • Overfamilien Stephanocircoidea
                    • Familien Stephanocircidae
                • Underorden Pygiopsyllomorpha
                  • Overfamilien Pygiopsylloidea
                    • Familien Lycopsyllidae
                    • Familien Pygiopsyllidae
                    • Familien Stivaliidae
                • Underorden Pulicomorpha
                  • Overfamilien Pulicoidea
                    • Familien Hectopsyllidae
                    • Familien Pulicidae
                      • Menneskeloppe Pulex irritans
                  • Overfamilien Malacopsylloidea
                    • Familien Malacopsyllidae
                    • Familien Rhopalopsyllidae
                  • Overfamilien Vermipsylloidea
                    • Familien Vermipsyllidae
                  • Overfamilien Coptopsylloidea
                    • Familien Coptopsyllidae
                  • Overfamilien Ancistropsylloidea
                    • Familien Ancistropsyllidae

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loppe  Commons har multimedium som gjeld: Loppe
Loppe 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Siphonaptera


Tags:

Loppe SkildringLoppe Liv og utviklingLoppe LevesettLoppe r som vektorarLoppe Systematisk inndelingLoppe KjelderLoppe BakgrunnsstoffLoppeBiologisk ordenBlodFuglarInsektParasittismePattedyr

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TaekwondoPierre-Simon LaplaceOddvar BråErik AndersenAndreas Hofgaard WinsnesBuddhismenCommunist Party of Great BritainGresk mytologiRonja RøverdatterSpesifikk varmekapasitetMoldedialektTidvatnBerlinmurenEyvind JohnsonJoe BidenGreipFylkesveg 751HøyPannemerke i hinduismenCelina MidelfartIngvild KjerkolSaudiarabisk geografiVerdas skriftsystemJonas BrothersMekkaNasjonalrettMaldivaneHagebruksreiskapRaudstrupeRussiskVladimir PutinSeladonJerry ReedAndre verdskrigenAfrikaSandnessjøenHannoverAust-Makedonía og ThrákiEirik SalstenFilmen Land og fridomLuganoPeter F. WolfSnikkarRimHarald EiaOslo kommuneNonCamilla CollettR.S. ThomasGyllen fallskjermZirósAnita O'DaySjantiVestleg kampkunstLittle WalterTerje StrømdahlReligionskrigAdei AdJamie MuirStore norske leksikonSunnmøreRumpetrollTutankhamonSvastikaEduardo Francisco de Silva NetoAtenDet norske alfabetetDet angolanske kvinnelandslaget i handballBöle i HelsingforsElon MuskHank LocklinNaturbrukUkrainaAmalie SkramElbaDelta🡆 More