Live Blood er det tredje konsertalbumet til den britiske rockemusikaren Peter Gabriel.
Live Blood Konsertalbum av Peter Gabriel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. april 2012 | |
Innspelt | 23–24. mars 2011 | |
Sjanger | Symfonisk rock | |
Lengd | 2:21:14 | |
Selskap | Real World/Virgin | |
Produsent | Peter Gabriel | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
---|---|---|
New Blood (2011) | Live Blood | And I'll Scratch Yours (2013) |
Det vart spelt inn i HMV Hammersmith Apollo i London den 23. og 24. mars 2011 der Gabriel syng i lag med New Blood Orchestra og vokalistane Ane Brun, Melanie Gabriel, Sevara Nazarkhan og Tom Cawley.
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | (60/100) |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | |
Classic Rock | |
The Independent | |
PopMatters | |
Consequence of Sound |
Albumet består av songar frå dei tidlegare orkesteralbuma hans Scratch My Back og New Blood. Ein enkel CD-versjon av Live Blood vart gjeve ut som ein del av New Blood Deluxe Edition DVD som kom i 2011. Konsertane vart filma i 3D.
Orkesterversjonane av songane vart arrangerte av John Metcalfe med Peter Gabriel utanom «Signal To Noise» som vart arrangert av Peter Gabriel og Will Gregory og «The Book of Love» som vart arrangert av Nick Ingman. Songane vart dirigerte av Ben Foster som er mest kjend for arbeidet med BBC-serien Doctor Who utanom «In Your Eyes» som vart dirigert av John Metcalfe.
Alle songar er skrivne av Peter Gabriel, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Intruder» | 6:06 | |
2. | «Wallflower» | 7:26 | |
3. | «The Boy In The Bubble» | Paul Simon | 4:22 |
4. | «Apres Moi» | Regina Spektor | 5:26 |
5. | «The Drop» | 2:48 | |
6. | «Washing Of The Water» | 4:21 | |
7. | «The Book Of Love» | Stephin Merritt | 3:56 |
8. | «Darkness» | 6:34 | |
9. | «The Power Of The Heart» | Lou Reed | 6:40 |
10. | «Biko» | 6:40 | |
11. | «San Jacinto» | 7:47 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Digging in the Dirt» | 6:09 |
2. | «Signal to Noise» | 8:48 |
3. | «Downside Up» (Melanie Gabriel) | 6:27 |
4. | «Mercy Street» | 6:48 |
5. | «The Rhythm of the Heat» | 6:55 |
6. | «Blood of Eden» | 6:37 |
7. | «Red Rain» | 7:05 |
8. | «Solsbury Hill» | 6:21 |
9. | «In Your Eyes» (Sevara Nazarkhan) | 8:30 |
10. | «Don't Give Up» (med Ane Brun) | 8:30 |
11. | «The Nest That Sailed The Sky» | 6:42 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Live Blood, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.