Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Lise Klaveness (fødd 19. april 1981) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Meland. Ho vann sølv med Noreg under Fotball-EM 2005. Klaveness spelte 73 landskampar og skåra ni mål i åra 2002-11.

Lise Klaveness
StatsborgarskapNoreg
Fødd19. april 1981 (41 år)
Meland
Idrettfotball
Tok del i

VM i fotball for kvinner 2007

Utmerkingar

Fritt Ords honnør, Rettssikkerhetsprisen

Midtbanespelar Klaveness spelte 1997-99 på IL Sandviken og der etter ein sesong kvar i Bjørnar IL og Athene Moss. Frå 2002 til 2011 var ho aktiv i Asker SK/Stabæk IF, med unnatak for sesongane 2006-07 då ho hjelpte svenske Umeå IK til to seriemeistertitlar. I 2010 vart ho toppskårar i den norske Toppserien frå sin offensive midtbaneposisjon og sentral bak Stabæks triumf i serien. Etter å ha vunne NM-finalen 2011 la ho opp.

Klaveness debuterte på Noregs landslag i 2002 og var med i VM-troppane 2003 og 2007. I 2005 hadde ho ei viktig rolle då Noreg tok seg til finalen i Fotball-EM 2005, der det vart norsk tap 1-3 mot Tyskland. Hausten 2007 vraka landslagssjef Bjarne Berntsen henne frå landslaget på ein måte som vekte mishag hos landslagskollegaer. Klaveness fekk ny tillit då Eli Landsem tok over som landslagssjef frå 2010. Ho la opp etter 2011-sesongen.

Lise Klavenes er utdanna jurist. No har arbeidd som ekspertkomentator innan fotball for NRK.

I 2018 vart ho direktør for elitefotball i toppleiinga i Noregs Fotballforbund etter Nils Johan Semb.

I 2022 vart Lise Klavenes valt til fotballpresident.

I 2022 mottok ho Fritt Ords Honnør for talen på det internasjonale fotballforbundet Fifa sin kongress i Qatar torsdag 31. mars 2022.[1]

Merittar

  • EM-sølv: 2005
  • Noregsmeister: 2005 med Asker SK og 2011 med Stabæk IF
  • Svensk seriemeister: 2006 og 2007 med Umeå IK
  • Svensk cupmeister: 2007 med Umeå IK
  • Norsk seriemeister: 2010 med Stabæk IF

Kjelder

  1. «Fritt Ords Honnør til Lise Klaveness». Fritt Ord (norsk bokmål). Henta 11. april 2022. 

This article uses material from the Wikipedia article Lise Klaveness, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.