Lisanhalvøya

Lisanhalvøya eller Al-Lisān (arabisk for 'tunga') i Jordan er ei stor landtunge som no skil det nordlege og sørlege bassenget i Daudehavet.

Halvøya skil den nordlege delen av Daudehavet frå den grunnare sørlege delen. Før vasstanden i sjøen gjekk ned på 1900- og 2000-talet var ho eit nes som delte havet i to fråskilde bekken i nord og sør.

Lisanhalvøya
halvøy
Lisanhalvøya
Lisanhalvøya har utvida seg og deler no Daudehavet i to delar.
Land Lisanhalvøya Jordan
Koordinatar 31°15′N 35°27′E / 31.250°N 35.450°E / 31.250; 35.450

Lisanhalvøya
31°15′N 35°27′E / 31.25°N 35.45°E / 31.25; 35.45
Lisanhalvøya
Lisanhalvøya

Den nordlege delen av halvøya vert kalla Costiganneset, til minne om Christopher Costigan, ein irsk oppdagar som omkom i 1835 av varme og tørste etter å ha vore stranda i havet i fleire dagar. Han tok den første kjende båtturen på sjøen i moderne tid. Sørvestenden av halvøya vert kalla Molyneuxneset, til minne om Thomas Howard Molyneux, ein offiser i britiske Royal Navy som utforska Daudehavet i august 1847 og omkom på reisa heim. Det tørrlagte sundet mellom Lisanhalvøya og vestkysten vert kalla Lynchsundet og er kalla opp etter William Francis Lynch som utforska Daudehavsområdet i 1848.

Som med den nærliggande Har Sedom (Jebel Usdum), består halvøya stort sett av kvit, kalkhaldige sediment med salt og gips, som stig 200 meter opp på austsida.

Al-Lisān får rundt 65 mm nedbør i året.

Kjelder

Tags:

BekkenDaudehavetJordanLandtunge

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ProduksjonFrozenFranskØDet norske alfabetetDekarGranAndreas BlochAlmStrategispelNoreg under sommar-OL 2008BelgiaKurdararPalermo24. aprilMorfinBodø kommuneA4IltalehtiDei sameinte arabiske emirataCountryOdd NerdrumUnicodeJerry ReedAkslaDen europeiske unionenGoogleDet tredje riketOs kommune i HordalandUsbekistanXboxRussisk matTransportMarianne Sivertsen NæssKjemiCristiano RonaldoIndonesiaOrellanaprovinsenCaliforniaKaspihavetTrekanthandelVinter-OL 1968TsjekkoslovakiaTutankhamonHistorisk oversyn over kommunar i HordalandJosef StalinAlbert EinsteinTriasEselNautisk milNorske kommuneblomarSunnmøreSpaniaDurgaForelskingIngvild KjerkolTaekwondoJerry DouglasLiechtensteinMesopotamiaPakistanDet britiske imperietLuganoImperialismeRichie FaulknerElon MuskListe over primtalGoogle ChromeSinaihalvøyaPeriferieininga IoánninaSamisk kulturGhanaTidslinje over norsk historiePanserbataljonenTrøndelag fylke🡆 More