Linn Irene Meister, kjend som Linni Meister (fødd 4.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
desember 1985 i Bærum) er ein norsk glamourmodell og songar. Meister har norsk-tysk far og srilankisk mor. Ho er oppvaksen på Slependen i Bærum, og er no busett i Oslo.
Linni Meister | |||
Fødd | 4. desember 1985 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bærum i Akershus i Noreg | ||
Fødenamn | Linn Irene Meister | ||
Alias | Linni Meister | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | Vokal | ||
Verka som | Modell og songar | ||
Far | Ernst Olsen Meister |
Ho vart fyrst kjend som glamourmodell i det no nedlagde Team Aylar. I 2007 deltok ho i Robinsonekspedisjonen på TV3, og har sidan då vorte mykje omtalt i underhaldningspressa.
I 2008 og 2009 hadde ho faste innslag i TV 2 sitt ungdomsprogram Waschera. Her var konseptet at Meister skulle testa ulike typar yrke. I eitt av innslaga lærde Meister bort stripping, noko som fekk både fjernsynssjåarane og tilsette i TV 2 til å reagera. I 2007 deltok ho i Robinsonekspedisjonen på TV3 og kom på fjerdeplass. Dessutan har ho sitt eige fjernsynsprogram som heiter Linni, på TV 2 Bliss.
Meister starta tidleg med song, og song i kor frå ho var sju år gammal. Den profesjonelle musikkkarrieren starta sommaren 2007 då ho spela inn ein coverlåt av Destiny's Childs «Survivor» i samband med at ho skulle vere med i Robinsonekspedisjonen. Låten vart utgjeve på C+C Records, og fekk dårleg mottaking av pressa, mellom anna terningkast éin i VG. Året etter gav Meister ut singelen «Where my limo at», ein ironisk song om livet i rampelyset. I mai 2009 gav ho ut popsingelen «My Ass» som kom inn på iTunes Music Stores liste over dei hundre mest selde songane i Noreg. Melodien vart lansert i samband med lanseringa av filmen Død snø i utlandet. Ho har òg sunge inn ein russelåt, produsert av geniAL. Låta var for russebussen Cheezy.
Ho er òg kjend for å angiveleg ha vorte fråstolen private videoklipp med intime scener med sin tidlegare svenske kjæraste Kristian Hilberg på ferietur i 2006. Videoen vart deretter lasta opp på ulike pornografiske nettstader. Paret prøvde sidan å inngå eit samarbeid med pornofilmprodusenten Thomas «Rocco» Hansen for å kunna tena pengar på den stolne filmen, då skaden likevel hadde hendt. Paret trekte seg etter kort tid frå avtalen. Filmprosjektet vart avslutta og aldri lansert. Heile situasjonen førte òg til at Meister vart sparka frå Team Aylar.
Jula 2008 fekk Meister merksemd i samband med ei FHM-framside der lesarane kunne skrapa bort bikinioverdelen hennar. Ho har tidlegare arbeidt som sex-spaltist i same bladet.
Sommaren 2010 gifta ho seg med Bernhard Berntzen i Las Vegas, men giftarmålet vart aldri gyldig fordi dei ikkje kom seg til eit tinghus i Noreg. I januar 2011 tok forholdet slutt. Saman har dei sonen Dennis Michael Meister.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Linni Meister, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.