Lilly og Lana Wachowski er to polsk-amerikanske sysken og filmskaparar frå Chicago.
Dei er mest kjende som hjernane bak filmen V for Vendetta og Matrix-trilogien. I tillegg til filmkarrieren har dei to også laga teikneseriar.
Begge Wachowski-syskena er transkvinner. Lana Wachowski vart fødd som Laurence «Larry» Wachowski 21. juni 1965, og har gjennomført ein kjønsskifteoperasjon i vaksen alder. Ho snakka offentleg om kjønnsendringa i juli 2012, i ein video om den kreative prosessen bak Cloud Atlas. Ho blei dermed den første kjende Hollywood-regissøren som stod fram som transkjønna. Lilly Wachowski var fødd som Andrew Paul «Andy» Wachowski er fødd 29. desember 1967, to år etter Lana. Ho stod fram som transkvinne i mars 2016 med ei uttaling ti lWindy City Times etter at ein reporter frå Daily Mail hadde oppsøkt henne for å prøva å få eit intervju om saka. Før overgangane var syskena mest kjend som «Wachowski-brørne».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lilly og Lana Wachowski, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.