Lia Manoliu (25.
april">25. april 1932–9. januar 1998) var ein rumensk friidrettsutøvar frå Chişinău som deltok i samtlege seks sommarleikar i tidsrommet 1952-72, og vart olympisk meister i diskoskasting i 1968.
Lia Manoliu | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 25. april 1932 Chişinău |
Død | |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952 |
Manoliu vart nummer seks i diskoskasting under dei olympiske leikane i Helsinki i 1952. Under Sommar-OL 1960 i Roma tok ho leiinga med eit kast på 52,36 m, og enda opp med bronsemedaljen. Fire år seinare vann ho i Tokyo endå ein OL-bronse, då med eit kast på 56,96 m.
Framom 1968-sesongen vart Manoliu vraka av det rumenske friidrettsforbundet, og ho måtte trene på eiga hand. Ho kvalifiserte seg til Sommar-OL i Mexico, der ho småskadd smelte til med 58,28 meter i den fyrste omgangen, eit kast som skulle vise seg å halde til olymisk gull.
Manoliu la opp etter 1972-sesongen. Hennar aller lengste diskoskast målte 62,06 m.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lia Manoliu, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.