Lhasa Tibetansk: ལྷ་ས་; Wylie: lha-sa; Mal:Zh-stp, nokre gonger kalla Llasa, er den tradisjonelle hovudstaden i Tibet.
Byen er no hovudstad i Tibet-regionen i Folkerepublikken Kina. Byen er i tillegg tradisjonelt hovudsetet til Dalai Lama.
Lhasa | |
---|---|
Potalapalasset i Lhasa. | |
Styresmakter | |
Land Provins | Folkerepublikken Kina Regionen Tibet |
Borgarmeister | Doje Cezhug |
Geografi | |
Flatevidd | 29 634,01 km² |
Flatevidd - By | 53 km² |
Innbyggjarar - By (2009) | 1,110,123 |
Koordinatar | 29°39′N 91°07′E / 29.650°N 91.117°E |
Høgd over havet | 3490 m |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Telefon-retningsnummer | 850000 |
Heimeside: http://lasa.gov.cn | |
Plassering | |
Lhasa tyder «staden til gudane». Byen ligg kring 3650 meter over havnivå og er med det ein av dei høgstliggjande byane i verda.
Den andre keisaren av Tibet, Songtsen Gampo, skal ha gjort Lhasa til hovudstad. Andre kjelder syner at landet vart styrt frå fleire byar, som skifta mellom å vera hovudstad.
I den første delen av 1900-talet kom fleire vestlege oppdagarar til byen. Mellom desse var Francis Younghusband, Alexandra David-Néel og Heinrich Harrer. I utgangspunktet var Lhasa ein heilag og lukka by, stengd for framande. I 1950-åra gjorde kinesrane seg stadig sterkare gjeldande, og ved hjelp av militære styrkar fekk dei styringa over Tibet. Frå 1959 har tibetanarar i eksil, leia av den fjortande Dalai Lama oppretthalde ei eksilregjering.
Potalapalasset er definert av UNESCO til å stå på verdsarvlista for kulturminne. Andre viktige bygg er Jokhang, Norbulingka, Drepung-klosteret og Sera-klosteret.
Ein 1080 km lang jarnveg, Qinghai-Tibet jarnvegen til Lhasa er under bygging.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lhasa, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.