Leonardo DiCaprio (fødd 11.
november 1974) er ein USA-amerikansk skodespelar og filmprodusent frå Los Angeles i California.
DiCaprio filmdebuterte i Critters 3 (1991), men etter rollene som Romeo i Romeo + Juliet samt Jack Dawson frå oscarvinnaren Titanic (1997) fekk han stjernestatus internasjonalt. Dei seinare åra har DiCaprio spelt hovudrolla i ei rekkje seriøse storfilmar. For skodespelarprestasjonen som Howard Hughes i The Aviator (2004) vann han Golden Globe-prisen for beste mannlege skodespelar. I tillegg har han vorte nominert til Golden Globe ni gonger og Oscar-prisen tre gonger.
«Leonardo_DiCaprio» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Leonardo DiCaprio, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.