Lee Harvey Oswald (18.
oktober">18. oktober 1939–24. november 1963), fødd i New Orleans i USA, er mest kjend for å ha vorte arrestert, mistenkt for å ha drepe presidenten i Sambandsstatane John F. Kennedy. To dagar etter at han vart arrestert i Dallas i Texas, vart Oswald sjølv skoten og drepen av Jack Ruby. Fingeravtrykk frå Oswald vart funne på det geværet som skaut mot Kennedy den 22. november. Oswald nekta sjølv for å ha vore drapsmannen. I ettertid vart Oswald av Warrenkommisjonen utpeikar til å vera mordar. Oswald si rolle i mordet er framleis ikkje fullt klarlagd. Det er laga ymse konspirasjonsteoriar om Oswald si rolle. Det går mange teoriar om at Oswald ikkje handla på eiga hand.
Lee Harvey Oswald | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 18. oktober 1939 New Orleans |
Død | 24. november 1963 (24 år) |
Yrke | arbeidar |
Språk | engelsk, russisk |
Far | Robert Edward Lee Oswald |
Mor | Marguerite Oswald |
Ektefelle | Marina Oswald Porter |
Lee Harvey Oswald på Commons |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lee Harvey Oswald, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.