League Of Legends: Dataspel frå 2009

League of Legends er eit free-to-play multiplayer online battle-arena-spel.

Det er utvikla og publisert av Riot Games for både Microsoft Windows og Mac og blei først annonsert den 7. oktober 2008, og utgjeve 27. oktober 2009. Spelet var i lukka «beta» frå 10. april 2009 til 22. oktober 2009, og blei omgjord til open «beta» fram til sleppdato. Det har henta mykje av inspirasjonen sin frå Defense of the Ancients (DOTA).

League of Legends
League Of Legends: Spel, Kjelder, Bakgrunnsstoff
Utviklar(ar)Riot Games
Utgjevar(ar)Riot Games, Tencent, THQ, Garena
DistributørRiot Games, Epic Games Store
SerieLeague of Legends
Siste versjon14.6
Plattform(er)macOS, Microsoft Windows, Android, iOS, TGP Box
Utgjeving27. oktober 2009
SjangerMOBA
Spelemodusfleirspelar, samarbeid
AldersgrensePEGI 12
Nettstadhttps://www.leagueoflegends.com/
Del av serien League of Legends⠀

Spel

Mål

Målet med spelet er å få eit overtak over motstandarane dine med å overliste dei i spelet på forskjellige måtar. Til slutt kan spelet vinnas på to måtar: enten viss du øydelegg basen til fienden eller om dei gjer opp spelet.

Arenaer

Spelet har fire ulike arenaer eller kart som kan bli spelt i ulike modusar. Alle arenaene er speila på kryss over midten for å skape ein rettferdig balanse uansett kva sida du kjempar på.

Hovudarenaen Summoners Rift er den største og det er mogeleg å spele alt ifrå to stykk i costume mode til tolv stykk i Hexakill mode. Denne arenane består av tre vegar (også kalla lanes) saman bunde av ein jungel med småvegar. Langsmed kvar hovudveg står det til saman seks turrets og to inhibitors Denne bana har også «Neutral Mob Camps», dette er monster som spelarane kan drepe for å få gull og spesielle fordelar. Begge sidene har fem identiske «Mob Camps» og imellom dei to sidene er det to felles som kvar side må kjempe om.

Roller

Dei forskjellige karakterane som blir kontrollert av spelarane som har ulike roller. I «Top lane» går det ein champion aleine, og har ansvar for å halde motstandaren under kontroll. I «Mid lane» er det mykje det same, men denne spelaren har også ansvar for å hjelpe dei andre spelarane. I den siste lanen «Bot lane» går spelarane som oftast to og to. Den eine rolla blir kald for ADC (Attack Damage Carry). Denne spelaren har ansvar for å få mest mogeleg gull, han skal sørgje for at laget for mest mogelege angrepstyrkje når lagane går imot kvarandre. Den andre rolla som blir spelt botlane er Support. Den som spelar Support han ansvar for å hjelpe han som spelar ADC og verne han frå dei andre spelarane. Det er også ein spelar som ikkje oppheld seg i nokon av dei tre lanene. Denne spelaren blir kald ein «Jungler». Denne spelaren sin oppgåve er å skaffe seg gull ved å drepe dei nøytrale monstera imellom lanene. Denne spelaren har også hovudansvaret for å hjelpe dei andre lanene.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

League Of Legends: Spel, Kjelder, Bakgrunnsstoff  Commons har multimedium som gjeld: League of Legends

Tags:

League Of Legends SpelLeague Of Legends KjelderLeague Of Legends BakgrunnsstoffLeague Of Legends

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SigmaKatarina II av RusslandCharles DarwinSneppålDen siste istidaResettPer HenriksenFaryngittBautaØrsta kommuneVictoria av StorbritanniaDei fire årstideneDigital object identifierJohann Sebastian BachNorske fylkeskommuneslagordSofie MarhaugFormannskapNorsk ytre språkhistorieDiktAn-MagrittKon-Tiki-ekspedisjonenLemmingSkipNato-alfabetetBjørnøyaØresundbruaDzjankojStupaEHF-meisterligaen i handball 2013/MennRosenborg BallklubNyrealisme i litteraturenBlåBanefartHarald EiaIndonesiaHelena Bonham CarterLyse klosterÅPelle PolitibilSnåsa kommunePolenVladimir PutinPilfinkOdalizerVardø kommuneÅlesundPanterKelvinJoachim av DanmarkDanskHallingdansWikipediaLønnDet italienske flaggetAristotelesSelmer NilsenRumoursOppdrag SognefjordenOsloRagnar LodbrokKvalsafariMexicoDet tredje riketSkandinaviaHypernovaFugløyaSikhismenÞingvellirStorsnøstjerneDen russiske bjørnenBorkWikimediaMangoldKari Werner ØfstiGro Harlem BrundtlandLydfart🡆 More