Laser er ein teknikk for å senda ut lys med lik bølgjelengd og lik fase.
Dette vil seia at lyset som regel er einsfarga, koherent, har sterk intensitet og går i éin retning. Ein lager laserlys gjennom stimulert emisjon frå ulike stoff. Ordet «laser» er ei forkorting for Light Amplification by Stimulated Emission of Radiation.
Laserlys er smale stråler sett saman av tilnærma parallelle lysstråler som kan avgrensast i rommet og styrast med stor presisjon. Det gjer at ein kan få svært høg temperatur ved å fokusera laserstrålen i på eit punkt, og slik bruka laser til presis skjering eller merking i ulike materiale. Ein laser kan senda ut kontinuerlege stråler eller lyspulsar som kan avgrensast til femtosekund[treng kjelde].
Den første brukbare laseren blei laga av Theodore Maiman i 1960. Teknikken blir i dag brukt innan vitskap, medisin, industri, underhaldning og i dagleglivet til mellom anna cd og dvd-avspeling, innan optisk kommunikasjon, i laserpeikarar og laserskrivarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Laser, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.