Lars von Trier
Lars von Trier er ein dansk filmregissør og manuskriptforfattar som er fødd i København og utdanna frå instruktørlina på Den Danske Filmskole i København i åra 1979 til 1983 som ein av dei yngste elevane skulen har hatt.
Lars von Trier (fødd 30. april 1956) er ein dansk filmregissør og manuskriptforfattar som er fødd i København og utdanna frå instruktørlina på Den Danske Filmskole i København i åra 1979 til 1983 som ein av dei yngste elevane skulen har hatt. Han heitte opphavleg Lars Trier, men tok med adelsnemninga «von» som eit spøkefullt svar på at ein av lærarane på filmskulen hadde karakterisert han som aristokratisk i sitt filmsyn.
Lars von Trier | |
![]() Lars von Trier i 2011 Foto: Georges Biard | |
Fødd | 30. april 1956 (66 år) Kongens Lyngby |
Yrke | filmregissør, manusforfattar, filmprodusent, filmfotograf |
Lars von Trier på Commons |
Lars von Triers filmar var frå byrjinga prega av vilje til å eksperimentere med filmen som medium ved å nytte eit slags hypnotisk biletspråk. Dette var allereie å sjå i avgangsfilmen frå filmskulen, Befrielsesbilleder, og var utvikla vidare i hans Europa-trilogi og i fjernsynsseriane Riget.
Lars von Trier og Thomas Vinterberg skipa i 1995 eit dansk kollektiv av filmregissørar som kalla seg Dogme95, som skulle stå fram som ei motkraft til kommersialiseringa av spelefilmen og den store interessa for spektakulære effektar i filmane som fylgde med kommersialiseringa. Målet med Dogme95 og dei såkalla dogmefilmane var å setje soga og skodespelet i framgrunnen i filmen, i motsetnad til sjølve mediet. Difor formulerte Lars von Trier og Thomas Vinterberg ti «reinleikslovnader» ("The Vow of Chastity") for Dogme95. Etter desse lovnadene skulle mellom anna opptaka gjerast på den aktuelle staden, utan at det av omsyn til filmen vart plassert kulissar eller andre rekvisita der; filmen skulle gå føre seg her og no og ikkje innehalde overflatiske og overnaturlege handlingar; det skulle ikkje leggjast ljod på filmen som ikkje var med når opptaka vart gjort; det skulle ikkje nyttast særskild ljossetting, men det kunne nyttast ei lampe festa til kameraet dersom ljoset var for dårleg for filming; optiske filter skulle ikkje nyttast; kameraet skulle haldast i handa; regissøren skulle ikkje krediterast.
Ideane om dogmefilmar vart introdusert under filmfestivalen i Cannes i 1995. Den fyrste dogmefilmen var Thomas Vinterbergs Festen (1998), og deretter fylgde Lars von Triers Idioterne.
Filmar
- Hvorfor Flygte Fra Det Du Ved Du Ikke Kan Flygte Fra (1970)
- Hemmelig sommer (1971), hovudrolle i TV-serie av Thomas Winding
- Orchidégartneren (1977), ein eksperimentalfilm laust basert på Triers romanmanuskript Eliza og produsert av Filmgruppe 16.
- Menthe - la bienheureuse (1979), enda ein Filmgruppe 16-film. Manuskript fritt etter romanen O's historie.
- Nocturne (1980), filmskolefilm.
- Den sidste detalje (1981), filmskolefilm.
- Befrielsesbilleder (1982), avgangsfilm frå Den Danske Filmskole.
- Forbrydelsens element (1984), 1. film i Europa-trilogien, vann den tekniske pris på filmfestivalen i Cannes.
- Epidemic (1988), 2. film i Europa-trilogien
- Europa (1991), 3. film i Europa-trilogien
- Breaking the Waves (1996), 1. film i Guldhjerte-trilogien. Filmen vann Amandaprisen for beste nordiske kinofilm i 1996.
- Idioterne (1998), 2. film i Guldhjerte-trilogien
- Dancer in the Dark (2000), 3. film i Guldhjerte-trilogien
- Dogville (2003), 1. film i trilogien USA—Land of Opportunities
- De fem benspænd (2003) saman med Jørgen Leth
- Manderlay (2005), 2. film i trilogien USA—Land of Opportunities
- It's a Jungle Down There (2005) "Klovn"-episode (berre manuskript)
- Direktøren for det hele (2006)
- De unge år: Erik Nietzsche sagaen del 1 (2007) (berre manuskript)
- Antichrist (2009)
- Melancholia (2011)
- Nymphomaniac (2013)
- Nymphomaniac Director's Cut (2014)
- The House That Jack Built (2018)
Fjernsynsseriar
- Medea (1988)
- Riget (1994)
- Riget II (1997). Seriane Riget vart regissert saman med Morten Arnfred. Riget går føre seg på Rigshospitalet i København og handlar om sjukehuset.
- D-dag (2000)
Prisar og utmerkingar (utval)
- 2000 – Gullpalmen
- 2006 – Danske Dramatikeres Hederspris
- 2009 – Nordisk råds filmpris
- Statens Kunstfonds hædersydelse[1]
Kjelder
- ↑ «Modtagere af hædersydelse» (dansk). Kunst.dk. Henta 16. september 2016.
Bakgrunnsstoff
Lars von Trier hjå Det Danske Filminstitut
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lars von Trier, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
In other languages:
- Arabisk: لارس فون ترايير - Wiki العربية
- Egyptisk arabisk: لارس فون ترايير - Wiki مصرى
- Asturisk: Lars von Trier - Wiki Asturianu
- Aserbajdsjansk: Lars fon Trier - Wiki Azərbaycanca
- Kviterussisk: Ларс фон Трыер - Wiki беларуская
- Belarusisk (klassisk ortografi): Лярс фон Трыер - Wiki беларуская (тарашкевіца)
- Bulgarsk: Ларс фон Триер - Wiki български
- Bengali: লারস ভন ট্রাইয়ার - Wiki বাংলা
- Bosnisk: Lars von Trier - Wiki Bosanski
- Katalansk: Lars von Trier - Wiki Català
- Tsjekkisk: Lars von Trier - Wiki čeština
- Tsjuvansk: Ларс фон Триер - Wiki чӑвашла
- Walisisk: Lars von Trier - Wiki Cymraeg
- Dansk: Lars von Trier - Wiki Dansk
- Tysk: Lars von Trier - Wiki Deutsch
- Gresk: Λαρς φον Τρίερ - Wiki Ελληνικά
- Engelsk: Lars von Trier - Wiki English
- Esperanto: Lars von Trier - Wiki Esperanto
- Spansk: Lars von Trier - Wiki Español
- Estisk: Lars von Trier - Wiki Eesti
- Baskisk: Lars von Trier - Wiki Euskara
- Persisk: لارس فون تریه - Wiki فارسی
- Finsk: Lars von Trier - Wiki Suomi
- Færøysk: Lars von Trier - Wiki Føroyskt
- Fransk: Lars von Trier - Wiki Français
- Galisisk: Lars von Trier - Wiki Galego
- Hebraisk: לארס פון טרייר - Wiki עברית
- Kroatisk: Lars von Trier - Wiki Hrvatski
- Haitisk: Lars von Trier - Wiki Kreyòl ayisyen
- Ungarsk: Lars von Trier - Wiki Magyar
- Armensk: Լարս ֆոն Թրիեր - Wiki հայերեն
- Indonesisk: Lars von Trier - Wiki Bahasa Indonesia
- Ido: Lars von Trier - Wiki Ido
- Islandsk: Lars von Trier - Wiki íslenska
- Italiensk: Lars von Trier - Wiki Italiano
- Japansk: ラース・フォン・トリアー - Wiki 日本語
- Georgisk: ლარს ფონ ტრიერი - Wiki ქართული
- Koreansk: 라르스 폰 트리어 - Wiki 한국어
- Kornisk: Lars von Trier - Wiki Kernowek
- Latin: Laurentius von Trier - Wiki Latina
- Luxemburgsk: Lars von Trier - Wiki Lëtzebuergesch
- Litauisk: Lars von Trier - Wiki Lietuvių
- Latvisk: Larss fon Trīrs - Wiki Latviešu
- Madagassisk: Lars von Trier - Wiki Malagasy
- Makedonsk: Ларс фон Триер - Wiki македонски
- Nederlandsk: Lars von Trier - Wiki Nederlands
- Norsk bokmål: Lars von Trier - Wiki Norsk bokmål
- Oksitansk: Lars von Trier - Wiki Occitan
- Polsk: Lars von Trier - Wiki Polski
- Portugisisk: Lars von Trier - Wiki Português
- Rumensk: Lars von Trier - Wiki Română
- Russisk: Фон Триер, Ларс - Wiki русский
- Serbokroatisk: Lars von Trier - Wiki Srpskohrvatski / српскохрватски
- Enkel engelsk: Lars von Trier - Wiki Simple English
- Slovakisk: Lars von Trier - Wiki Slovenčina
- Serbisk: Ларс фон Трир - Wiki српски / srpski
- Svensk: Lars von Trier - Wiki Svenska
- Tadsjikisk: Ларс вон Триер - Wiki тоҷикӣ
- Tyrkisk: Lars von Trier - Wiki Türkçe
- Ukrainsk: Ларс фон Трієр - Wiki українська
- Vepsisk: Trier Lars fon - Wiki Vepsän kel’
- Vietnamesisk: Lars von Trier - Wiki Tiếng Việt
- Wu: 拉斯·冯·提尔 - Wiki 吴语
- Kinesisk: 拉斯·馮·提爾 - Wiki 中文
- Kantonesisk: 拉茲·馮·特爾 - Wiki 粵語